Caamaño & Ameixeiras | Galicia, Spania
Ung kraft frå Galicia
Sabela Caamaño og Antía Ameixeiras har kome som eit friskt pust inn på den galisiske folkemusikkscena. Sidan oppstarten i 2018 har duoen hatt stor suksess både i Spania og internasjonalt med sin moderniserte og personlege versjon av folkemusikk og -dans frå Galicia. Den tradisjonelle musikken og dansen ligg i botn, men med stor respekt og god teft blir den arrangert og kombinert med nye element, utan at sjølve essensen blir borte.
Caamaño og Ameixeiras har solid musikkutdanning og imponerer med teknisk briljanse og musikalsk nærvær. Resultatet er eit originalt og energisk uttrykk som har blitt løfta fram som ei etterlengta fornying av galisisk folkemusikk. Duoen utforskar dei samanvevde røtene til galisisk, baskisk, balkansk og keltisk musikktradisjon, og skaper eit rikt og levande lydbilete.
Også på platefronten har dei markert seg sterkt. Debutalbumet, Aire! Frå 2021 gav dei ein pangstart med fleire plateprisar og resulterte i samarbeid med kjende artistar. To år seinare følgde dei opp med Quitar o aire, der dei tek prosjektet vidare og strekkjer den galisiske og iberiske tradisjonsmusikken i nye retningar og inn i nye musikalske landskap. Caamaño & Ameixeiras er ein ung og vågal duo, som utfordrar rammene for sine eigne tradisjonar. Saman skaper dei eit levande musikalsk univers der dei gamle vegane også er dei nye.
Sabela Caamaño – toradar
Antía Ameixeiras – fele, vokal
KONSERT
Onsdag 1. juli kl. 20.00
Caamaño & Ameixeiras
Vesle Kinn, Florø
Torsdag 2. juli kl. 20.00
Opningskonsert
Idrettshallen, Førdehuset
Konserten er ein ein del av festivalpasset.