Vera & Martin | Noreg

Dei syng for fred

Vera Sonne song seg inn i mange hjarte verda over då ho song under utdelinga av Nobels fredspris i november i fjor, akkompagnert av Martin Steinum Brun på lyre. No kan vi glede oss til å høyre dei igjen på vår eigen fredskonsert! 

Vera Sonne er songar og låtskrivar frå Oslo, mest kjend som frontfigur i Pumpegris, det norske folkfusion-bandet som hadde storsuksess i 2025 både målt i terningkast for debutplata Fritids og skryt etter konsertar! I tekstformidlinga si kombinerer Vera humor og improvisasjon. Ho er aktiv i fleire sjangrar, men har songutanninga si frå folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole.  

Der gjekk også Martin Steinum Brun, songar og tradisjonsberar frå Vågå i Gudbrandsdalen. På same måte som Vera har han ein fot i fleire musikkmiljø, og elskar å formidle absurde og humoristiske historier gjennom musikken sin. Martin er ein dyktig musikar på kraviklyre og bygdeharpe. Han vart kåra til Årets unge folkemusikar i 2024.  

Vera Sonne – vokal 

Martin Steinum Brun – kraviklyre


KONSERT

Laurdag 4. juli kl. 20.30
Førdes fredskonsert
Idrettshallen, Førdehuset

Konserten er ein ein del av festivalpasset.

Forrige
Forrige

Rima Iraki | Noreg, Palestina

Neste
Neste

Caamaño & Ameixeiras | Galicia, Spania