TAUS | Noreg
Taus er den som teier.
Qui tacet consentire videtur.
Foto: Kriistin Opdan
Den største hemmelegheita skulle vere den best bevarte. Men inni ropar
noko som vil ut. Noko som har vore stengt inne altfor lenge. Når det
først brest, slepper det fram: monster, brennande fuglar, hyl, sinne –
ein kakofoni av stemmer. Fasaden er i oppløysing. Sprekkane slår
djupt.
Så står dei der.
Ser på kvarandre.
Ser inn i kvarandre.
Er kvarandre.
Er det deg eg har leita etter?
Danseframsyninga Taus undersøker korleis eit menneske lever med erfaringar som har sett djupe spor. Med dans, musikk, tekst og stemme vert publikum invitert inn i eit rom der det usagde får ta plass. For kva skjer eigentleg i eit menneske når sjølve fundamentet for dei næraste banda er skada? Korleis ser det ut når ein prøver å leve vidare – eller berre overleve?
Taus handlar om det vi ber med oss. Om skam, sinne, lengsel og håp. Om hemmelegheiter som blir verande i kroppen. Om alt det som formar måten vi møter andre menneske og oss sjølve på.
Brigitte Blomlie - dansar
Silje Risdal Liahagen - dansar, vokal
Thomas Eriksson - gitar
Sondre Meisfjord - kontrbass
Idé, tekst og medskapande utøvar: Brigitte Blomlie
Regi og koreografi: Silje Onstad Hålien
Dramaturgi, tekst og lysdesign: Yasin Gyltepe
Komponist og utøvar: Thomas Eriksson
Medskapande utøvarar: Silje Risdal Liahagen, Sondre Meisfjord
Kostyme og Scenografi: Martin Skogli og Marita Solhjell Ølander
Kunstnarleg produsent: Rannveig Øygardslia
Produsert av Mamelukk med Førdefestivalen, Riksscenen og Sprang som co-produsentar,
Støtta av: Kulturdirektoratet, Fritt Ord, Valdresmusea