Amira Medunjanin | Bosnia-Herzegovina
“Det er ikkje lett å finne eitt enkelt ord på engelsk som kan romme det bosniske omgrepet sevdah, sjølv om lengt kanskje kjem nærast. Som det spanske duende rommar det fleire tydingar – kjærleik, håplaus kjærleik, endelaus kjærleik, ein lengt som både kjøler og gjev elskaren feber som malaria, og som malaria kan du aldri riste han av. Når det kjem til stykket er sevdah ein måte å leve på – ei forteljing som ber historia om seg sjølv.”
Den store sevdah-stemma frå Bosnia
Amira Medunjanin vaks opp i Sarajevo i ei tid då tradisjonsmusikken i det tidlegare Jugoslavia stod i full blomst, og alt tidleg fekk sevdah ein stor plass i hjartet hennar. Under Bosniakrigen vart fascinasjonen hennar for sevdah djupare, etter at ho opplevde beleiring av Sarajevo, søkte tilflukt i ein kolkjellar, og mista familiemedlemmer. Opplevingar som djupt forma tematikken i musikken hennar - kjærleik, tap og motstandskraft. Den munnlege tradisjonen i Bosnia-Hercegovina og på Balkan greip ho så sterkt at ho har brukt heile karrieren på å utvikle si eiga stemme for nettopp å kunne formidle alle kjensler og uttrykk som ligg i sevdah.
Amira Medunjanin er den finaste eksponenten av sevdah, denne melankolske og kjensleladde folkemusikken frå Bosnia. Ho utmerkar seg ikkje berre med ei klar og målande stemme, men også for måten ho balanserer respekt for det gamle med det å eksperimentere. Musikkjournalisten og forfattaren Garth Cartwright gav henne tilnamnet «Bosnias Billie Holiday». Han såg likskapen i måten Amira vender sevdah på vranga og set ein fleire hundre år gamal tradisjon inn i nye rammer.
Det første Amira Medunjanin gjorde på plate, var som gjesteartist på A Secret Gate (2003) med Mostar Sevdah Reunion (Førdefestivalen 2006). Deretter kom hennar eige debutalbum, Rosa, som gjorde ho kjend i heile Europa. I åra etter har det vorte mange fleire album, og alle med sevdah som grunnpilar. I 2018 markerte ho 15 år som artist med å gje ut albumet Ascending, innspelt med Trondheimsolistene.
Amira Medunjanin - vokal
Leopold Stašić - fele
Antonio Vrbički - trekkspel
NN - bass