Frå Bosnia og Serbia til musikalsk venskap i Noreg 

Bosniske Almir Meskovic og rumensk-serbiske Daniel Lazar flykta frå kvar si side av ein krig, og møttest til slutt på Musikkhøgskolen i Oslo. Dei visste med ein gong at dei skulle spele saman, og det vart både eit vennskap og ei gjenoppdaging av røter gjennom musikken. Begge har vakse opp med folkemusikken i hjartet av Balkan, der musikk og kulturar frå heile verda møtast og bryt mot kvarandre. Her finst alt frå sigøynarmusikk og klezmer til klassisk musikk – og alt imellom. Ingen andre kunne lage denne strålande musikalske blandinga så genuint balkansk, og med nordiske og klassiske element fletta inn enn Almir og Daniel. Duoen har funne sitt eige musikalske språk med både eigne komposisjonar og tradisjonelle låtar frå Romania, Kosovo, Bosnia og Herzegovina, Makedonia og Serbia. 

Duoen har spelt hundrevis av konsertar for born og unge, og i 2022 vart konserten deira “1000 knapper og 4 strenger” kåra til beste konsert for born og unge av Jeunesses Musicales Internationales.  

Almir og Daniel er kjende for energiske konsertar som er ein fest for sansane, med ei imponerande evne til å improvisere og få kontakt med publikum. Ei feiring av kreativitet og kameratskap. 

I år er det bestevenene Almir og Daniel som skal spele morgonstundkonsertane i barnehagar og på Festplassen, og dei vitjar også tre omsorgssenter med konsert for bebuarane og inviterte barnehagar, på det vi kallar generasjonskonsertar. Det er berre å glede seg. 

Amir Meskovic - trekkspel

Daniel Lazar - fele


KONSERTAR

Morgonstund med Almir og Daniel

Her spelar dei – og konsertane er GRATIS for alle:  

Onsdag 1. juli kl. 10.00 - Vie Barnehage, Førde 

Torsdag 2. juli kl. 10.00 - Festplassen, Førde 

Fredag 3. juli kl. 10.00 - Sunde barnehage, Førde

Neste
Neste

Amira Medunjanin | Bosnia-Herzegovina