Áhpparas | Noreg
Med joik som musikalsk drivkraft
Áhpparas er ein elektrisk krafttrio som let nordsamisk joik vere drivkrafta som set musikken i rørsle.
Trioen skaper eit musikalsk landskap der tradisjon, improvisasjon og rå energi smeltar saman til noko som blandar urtradisjon med eit meir moderne uttrykk. Musikken kviler i faste, fleirdimensjonale grooves som er opne, repeterande og som heile tida utviklar og endrar seg.
Den hypnotiserande pulsen til ørkenbluesen møter den sirkulære energien i joik, og eit alternativt 1960-tal, der Jimi Hendrix og Jeff Beck kunne funne vegen opp til Finnmark. Gitaren joikar gjennom rørforsterkarar, vreng og groove, medan bass og slagverk byggjer eit fundament som er både jordnært og grenselaust på same tid.
Viktor Govasli Wilhelmsen – gitar, joik
Mattis Kleppen – bass
Marius Trøan Hansen – slagverk