Nye datoar for VestaFolk-turnéen med Gamaltnymalt

 

Med dei nye nasjonale koronareglane som gjeld til 12. april, vart det vanskeleg å få til den planlagde VestaFolk-turnéen med Høgemo/Moldestad/Mjølsnes - Gamaltnymalt i den oppsette perioden i april. Denne gongen var vi imidlertid heldige då både musikarar og arrangørar kunne få det til nokre veker seinare - i mai.

Her er den nye spelferda:

  • søndag 9.mai Straumsnes grendahus, Fjaler

  • måndag 10.mai Columbi Egg, Bergen

  • tysdag 11.mai Kabuso, Voss

  • onsdag 12.mai Hardanger folkemuseum, Utne

  • torsdag 13.mai Jostedal Hotell, Jostedal

Sjekk lokale arrangørar på facebook og sikre deg billettar til ei godstund med denne kjære folkemusikktrioen.

 
Forrige
Forrige

Strikk med Førdefestivalen!

Neste
Neste

KARTELLET-PREMIERE PÅ DANSE STAUR, DANSE STAUR