Strikk med Førdefestivalen!

Strikking er meir populært enn nokon gong, og sjølv om Førdefestivalen aldri hadde tenkt at vi skulle lage våre eigne festivalvottar, tok vi litt av då Heidi Aas, strikkeeksperten på Sybutikken på Elvetorget, laga desse flotte vottane etter inspirasjon frå årets festivalplakat! Superfine, syns vi dei er, og no har vi gjort mønsteret tilgjengeleg her på heimesida vår så du kan laste ned og strikke dine eigne festivalvottar.

Vi blir superglade om du tek bilde av festivalvottane du strikkar og legg på instagram eller facebook - og merker med #førdefestivalen og #festivalvott, slik at vi får sjå fargerike vottar frå land og strand!

Sjølvsagt Vi er fullstendig klar over at det ikkje er bruk for vottar under festivalen i juli (sjølv om julitemperaturen i 2019 ikkje akkurat var å skryte av), men det er kjekt å tenkje på at desse fine festivalvottane kan halde deg varm på hendene gjennom vinteren som kjem.

Forrige
Forrige

Førdehuset – ei storstove for framtida

Neste
Neste

Nye datoar for VestaFolk-turnéen med Gamaltnymalt