KARTELLET-PREMIERE PÅ DANSE STAUR, DANSE STAUR  

 

-Kvinner dansar med kvinner og menn dansar med menn, eller å danse staur, som det heiter. Tenk om dette var regelen, på lik linje med at kvinner dusjar saman og at menn dusjar saman, seier Sigurd Johan Heide, kunstnarleg leiar for Kartellet som kjem til Førdefestivalen med danseframsyninga ‘Danse staur, danse staur’ i juli.  ‘Danse staur, danse staur’ var tinga til Førdefestivalen i 2020, som ein del av temaet ‘Kjønn på spel’, men etter avlyst festival i fjor, vart premieren utsett til i år.

Kartellet er eit danseensemble som spor etter seg i Norge med kunstnarlege produksjonar på høgt nivå. I utgangspunktet er dei berre mannlege dansarar, men i framsyninga som kjem til Førde har dei for første gong med seg kvinner som dansarar.

Paneldebatt

At ‘å danse staur’ er ein gamal nordnorsk tradisjon som skriv seg frå Lofotfisket, er det kanskje ikkje så mange som er klar over, men det er nok mange som vil hevde at det framleis er noko vi reagerer på. Det er framleis uvanleg - ja, til og med kontroversielt. Og dette er temaet for ein paneldebatt vi arrangerer i etterkant av Kartellet si danseframsyning. Meir detaljar om paneldebatten kjem.

Les meir om Kartellet

 
Forrige
Forrige

Nye datoar for VestaFolk-turnéen med Gamaltnymalt

Neste
Neste

PROGRAMSLEPP UTSETT TIL 15. APRIL