Seckou Keita erstattar Solo & Indré

 

I byrjinga av mai mottok vi den utruleg triste meldinga om at Solo Cissokho var død, berre 56 år gamal. Solo Cissokho kom til Norge frå Senegal på 80-talet og vart frå første stund ein kjær og omtykt musikar her i landet. Han stod på programmet på Førdefestivalen mange gonger, i ulike konstellasjonar. I år gledde vi oss til å høyre han i hans nye duo, med kanklés-spelaren Indré Jurgelevičiūtė frå Litauen. Dette skulle altså ikkje skje. Vi sender dei varmaste tankar til Solo Cissokho sine næraste, som kjenner på djup sorg. Solo etterlet seg eit stort tomrom i den store musikkfamilien i Norge, men minna frå alt han skapte, lever. Vi lyser fred over hans minne.

 
 
Seckou Keita erstattar konserten Solo & Indré - fredag 5. juli i Førde.

Seckou Keita erstattar konserten Solo & Indré - fredag 5. juli i Førde.

 

Til å erstatte konserten som var planlagd med Solo & Indré, har vi vore så heldige å få tak i Seckou Keita, nevøen til Solo Cissokho. Det var ingenting han heller ville enn å komme og spele i Førde for onkelen sin, som var hans store idol og læremeister. I utgangspunktet skal Seckou Keita spele solo (!), men vi skal ikkje sjå bort frå at han inviterer med seg andre i Cissokho-familien. Det vil tida vise.

Seckou Keita er rekna som ein av dei mest spennande og nyskapande kora-spelarane i verda i dag. I Førde har vi opplevd han to gonger tidlegare: Første gong så langt tilbake som i 1996, då han deltok i det internasjonale talentprosjektet på festivalen, så i 2015 i duo med den walisiske harpisten Catrin Finch. Sjølv om utgangspunktet for Keita sitt tredje besøk i Førde er av det triste slaget, er det all mogleg grunn til å glede seg til eit nytt møte med denne utruleg karismatiske grioten frå Senegal.

Konserten med Seckou Keita er i Festsalen i Førdehuset, fredag 5. juli kl. 13.30. Du kan kjøpe billett HER

Les meir om Seckou Keita

 
Torill Faleide