Arild Sætre: URTONEN

Ulla Pirttijärvi - fotografert av Oddleiv Apneseth i 2017.

Ulla Pirttijärvi - fotografert av Oddleiv Apneseth i 2017.

 

Tekst: Arild Sætre


Lyden er klar og kraftfull. Den fyller heile den store salen. Det er nesten ikkje til å tru at den vesle personen oppe på scena kan fylle ein heil idrettshall med lyden frå si eiga stemme. Du ser at det er ein person som formar lyden med stemma, men krafta i joiken er så sterk at du samstundes skjønar at den vesle dama oppe på scena er ein formidlar av noko mykje større.

Du let att augene. Då kjem bileta. Store opne vidder og fjellandskap i det fjerne. Landskapet fyller deg. Du blir på ein underleg måte i eitt med det. Du kjenner vinden som syng over dei store viddene. Då du opnar augene att ser du panfløyter. Dei små søramerikanske indianarane har teke med seg vinden frå  fjellandskapet i Sør-Amerika. På ein underleg måte kjennest det som om det er naturen sjølv som syng til deg. Du blir i eitt med tonane og forsvinn inn i lydlandskapet igjen.

Brått smell det som eit piskeslag. Det treff deg i mellomgolvet. Smerten fyller heile kroppen din. Du opnar augene og ser at det var lyden frå ein raspande gitar. Så kjem eit nytt slag. Skarpt og presist treff det deg i mageregionen. Det er lyden frå den argentinske bandeonen.

 
 
Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

 

Du lener deg tilbake og prøvar å slappe av. Men det smell igjen. Då du opnar augene ser du dei. Tangodansarane. Dei dansar så tett. Blir heile tida dregne mot kvarandre. Men dei når kvarandre aldri. Du kjenner lengselen dei ber på. Smerten. Følelsen av å vere så nær, men likevel så langt i frå. Ein uuthaldeleg lengsel.

Dei dansar så tett. Blir heile tida dregne mot kvarandre. Men dei når kvarandre aldri.

Eit høgt skrik fyller den store salen. Du kvepp i stolen. Klarinetten skrik ein gong til. Så får den følgje av ein trompet. Deretter ein songar. Lufta vibrerer. Følelsen av opprør og sinne fyller kroppen din. Opprør mot urett og undertrykking. Du kjenner fortvilelsen og sinne i musikken. Klezmermusikarane syng, spelar og dansar ein revolusjon mot all urett og undertrykking.

Brått endrar stemninga seg totalt. Latter og dans fyller rommet. Ein banjo skrattar, ei fele syng og trekkspelet jublar ut tonar. Du kjenner ei uforklarleg glede som fyller heile deg. Ei glede over å vere til. Du vil danse. Prise livet og musikken.

Det blir stille. Du føler det som om du landar i deg sjølv att. Kvar kom alle desse følelsane frå? Då skjønar du det. Det er deg sjølv du har høyrt. Det er dine eigne følelsar du har kjent på. Dei følelsane som vi alle har. Følelsen av å vere i eitt med naturen. Lengselen etter nærleik og kjærleik. Sinne og opprør mot all urett og undertrykking og ikkje minst gleda over livet.

Dei vil fortelje oss at det finst ein urtone djupt inne i oss alle.

Det er dette alle musikarane som kjem frå alle kantar av verda vil fortelje oss. At vi alle ber på dei same følelsane. At vi er bundne saman av dei same følelsane. At desse følelsane finst i musikken og at dei kan formidlast gjennom vårt felles språk – musikken. Dei vil fortelje oss at det finst ein urtone djupt inne i oss alle.

 
 
URNA frå Mongolia, kjem tilbake til Førdefestivalen i år.

URNA frå Mongolia, kjem tilbake til Førdefestivalen i år.

 

Når vi kjem i kontakt med urtonen i oss sjølve, forstår vi alt. Korleis alt heng saman. At vi alle på underleg vis er bundne saman i den same urtonen. Når alle skjønar dette kan det ikkje bli krig lenger. Då vil alle skjøne at å gå til krig mot andre er det same som å gå til krig mot seg sjølv. Ikkje noko er meir meiningslaust enn det.

Når vi skjønar dette, blir vi alle fredsarbeidarar. Då har vi funne urtonen i oss sjølve.

Det er dette alle musikarane har skjøna. Det er dette dei som arrangerer musikkfestivalar har skjøna. Det er dette alle dei frivillege som jobbar for å få til festivalen har merka. Det er dette vi som går på konsertane kan få oppleve. At vi alle høyrer saman. At vi er bundne saman av den same tonen. Når vi skjønar dette, blir vi alle fredsarbeidarar. Då har vi funne urtonen i oss sjølve.

 
Andrine Faleide