FØRDEKONFERANSEN 2019: KULTUR OG REISELIV MED BEREKRAFT SOM MÅL

OpningskonsOApneseth2-1153.jpg
 

I følgje NHO Reiseliv vil det globale reiselivet auke med 60% innan 2030. Slike framtidsutsikter betyr eit stort potensial for norsk reiseliv, men inneber også eit stort ansvar. Kulturturisme, volumturisme, sakteturisme, opplevingsturisme, grøn turisme - kva slags turisme vil vi ha? Kva rolle skal kulturlivet spele i framtidas reiseliv? Er det mogleg å omstille seg frå volumturismen vi ser i Flåm, Geiranger, Bergen og Lofoten til eit grønare reiseliv? Turistane kjem for å oppleve den reine og stille naturen vår, men den siste trenden er at turisme i stadig større grad handlar om opplevingar. Kva kan det rike kulturlivet vårt gjere for at norsk reiseliv skal få ei berekraftig framtid?

Dette er utgangspunktet for Førdekonferansen 2019, som går av stabelen torsdag 4. juli på Scandic Sunnfjord Hotell. Detaljane i konferanseprogrammet er i ferd med å komme på plass, men alt no veit vi at reiselivsekspert og skribent Arild Molstad vil halde opningsforedraget som har fått tittelen: Dramatiske vegval for norsk reiseliv anno 2019: Kva slags turisme kan vi leve av og leve med?

Molstad har vore rådgjevar m.a. Unescos verdensarvkontor i Paris, Norfund i Afrika, og UD i søraust-Asia. Som ein del av National Geographic Society’s Sustainable Destinations program var han initiativtakar til eit fem år langt samarbeid mellom Innovasjon Norge, Hurtigruten og National Geographic. Ei av dei siste bøkene hans har tittelen Last Chance Destinations: How to explore the world while making it a better place to live.

Du møter også administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, i samtale med Rolf Sanne Gundersen i Sunnfjord Utvikling. Fjord1 har spennande planar for framtida både innan turisme og det å skape eit grønare reiseliv i Norge. Fylkesdirektør for kultur og næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, skal snakke om satsing på turisme/reiseliv og kultur som komponentar i eit moderne reiselivsprodukt.


Programmet vert oppdatert med fleire namn. Her skal både forskarar, politikarar, kulturpersonar og reiselivsaktørar få sleppe til. Set av dagen, torsdag 4. juli, og bli med på ein konferanse om korleis skape ei berekraftig framtid for reiselivet i Norge. Følg med på programoppdateringar på facebook og her på heimesida vår. Påmeldinga til konferansen opnar i slutten av mars.  

Førdekonferansen vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Førde kommune og Sunnfjord utvikling.

 
Torill Faleide