MØT ARTISTEN SPESIAL: Sarah Savoy frå USA

Sterke saker 

Trekkspeldragar Sarah Savoy inviterer Førdefestivalen med på pinup-fotografering i Versailles. Her blir det full pupp og full belg. 

Sarah er i ferd med å bli fotografert i nesten berre trusa med cajun-trekkspelet sitt til neste års ‘Accordion Babes Album and Pin-up Calendar’. Ho sit vagla oppi ein gyngestol oppå salsdisken til Tattoo Range, tatoveringssjappa til forloveden Phil Van Roy, og ler med raude lepper. 

Kalenderen består av tolv heilsides foto, éin trekkspel-pinup for kvar månad, alle med kvar sitt spor på samlealbumet. Bak står Renée de la Prade, folkemusikar og rock’n’roll-jente med knallrosa hår og hardttrampande boots. «Sanseleg, gøy og inspirerande» skriv ho om kalender-cd-en på heimesida si. Ho vil gjere trekkspel sexy. 

Fotografen som tar bilde av Sarah, franske Célia Pernot, er endå ei kul dame på laget. Ho fortel at pinup-sjangeren blomstra under andre verdskrig. Det var masseproduserte bilde av lettkleidde damer som var meint å hengast opp (pin up) på veggen. Målet var å skape eit positivt bilde av kropp og seksualitet og sikkert også styrke kampmoralen. 

- Trekkspel-pinupane er kvinner i alle aldrar, hudfargar og former; runde kvinner, maskuline kvinner og kvinner som ikkje er fødde som kvinner, ramsar Sarah opp. 

- Mora mi er med i 2018-kalenderen. Kva er vel ikkje sexy med det? 

Når ei kvinne lèt seg fotgrafere lettkleidd saman med instrumentet sitt, må ho rekne med å svare for det. Det trur eg er noko i nærleiken av ei naturlov. Sjølv spør eg Sarah om kalender-cd-en er ein kommentar til den mannsdominerte musikkindustrien, eit spørsmål som eg - når eg får tenkt meg om - ikkje forstår ein puck av sjølv eingong. Det er eit ganske så gjennomsiktig forsøk på å intellektualisere at trekkspel-pinupane utnyttar sex (implisitt menns svakheit) i marknadsføringa. Ikkje akkurat rakettforskning. 

Og på andre sida av bordet sit Sarah og ser på meg med funklande auge som om ho er i ferd med å sprute ut i latter, men nett så vidt klarer å legge band på seg i medkjensle med spagaten som eg har sett min eigen hjerne i. 

 - Det er gøy. Ingenting seriøst, seier ho. Noko ho skal kome til å gjenta fleire gonger under intervjuet. 

Trekkspel har eit nerdete image, synest Sarah. Det er vel mykje lederhosen og oktoberfest. 

- Men kva er ikkje sexy med trekkspel? Veit du om eit anna instrument som blir større når du speler på det? Ha-ha! 

Den må eg tygge litt på. Eg såg ein franskmann spele på ei geit på Førdefestivalen ein gong, ei slags sekkepipe i naturtro utforming. Det må vere det næraste eg kan tenke meg eit instrument vekse i akta, men eg trur Sarah har rett. Geita blei ikkje større. 

Sarah ler rått og ofte. Ho er sørstatsjente på sin hals, født og oppvaksen i landlege omgjevnader i den vesle landsbyen Savoy i Louisiana. Ho er dotter av det anerkjende musikarekteparet Ann og Marc Savoy. Mora står bak albumet ‘Cajun Music, A Reflection of a People’ som blir referert til som Bibelen for cajunmusikk, og faren har ry både som utøvar og instrumentmakar av cajun-trekkspel, også kalla squeezebox. 

Cajunmusikken er ein av dei eldste folkemusikksjangrane i USA. Musikken er enkel og rytmisk, ofte i form av two step, vals eller polka, og røtene er franske. På 1600–talet busette fransktalande innvandrarar seg langs Mississippi, der dei mellom anna grunnla byen Detroit. Frå 1755 til 1763 kom ei ny bølge av fransktalande innvandrarar frå Acadia i austlege Canada, fordrivne av engelskmennene. I dagens Louisiana blir begge desse gruppene omtalte som «cadians». Nokre er framleis fransktalande, andre har fått språket vatna ut av engelsk. 

- Cajunkulturen er ein stad der musikk, mat og fellesskap smeltar saman til ein måte å leve på, seier Sarah. 

Det er ein ryggmargsrefleks for Sarah å invitere folk med. Ingen skal behøve å sitte åleine. På veg til fotograferinga kjem ho i prat med eit amerikansk ektepar på gata. Det viser seg at dei er frå nabobyen «back home», og ho inviterer dei med, først innom tatoveringssjappa og seinare på restaurant for å ete middag. 

Ho har ei sterk historie om å finne tilbake til cajunrøtene sine via utlendigheit i Russland og Frankrike og - det er ikkje til å stikke under stol - ein kjærleiksaffære med punk og heavy metal som aldri synest å kjølne. Ho veit kor flatt og kjedeleg livet kan vere utan musikk og venner og mat med masse chili. Det lærte ho på den harde måten. 

Heilt frå ho var lita hadde ho denne enorme dragninga mot Russland. Ho las alt ho kunne komme over av russiske forfattarar, Dostojevskij ikkje minst. I ein alder av 23 flytta ho til Moskva og fekk seg jobb som marknadsdirektør for American Medical Centres. Eigentleg skulle ho bu der i seks månader, men ho blei verande i fem år. 

- Eg reiste til Moskva for å finne meg sjølv utanfor cajunkulturen. Men det eg fann ut, var kor mykje eg treng cajunkulturen. Alltid like sta, seier ho og lèt det henge i lufta. 

Ho grøssar ei aning ved tanken på mørke vinterdagar som ikkje blir vegde opp av lyse sommarnetter. 

- Eg måtte til Russland for å forstå. I februar, når det var mørkt heile dagen og snøen blas gjennom sprekkene i balkongvindauga mine, kunne eg framleis lage gumbo og jambalaya. Eg kunne invitere venner på mat, og straks blei det varmare og hyggelegare. Eg ber med meg kulturen min uansett kor eg er, og den er noko eg kan dele med heile verda, seier ho.

Mange på Førdefestivalen vil hugse Sarah frå 2013. Ho både spelte for, og laga mat til, publikum. Cajun-kjøkkenet er kjent for ujålete mat basert på tilgjengelege råvarer. Gumbo er gryterett laga av det ein har for handa, gjerne med kylling og røkt pølse. Jambalaya kan minne om spansk paella, ein rett basert på ris, oftast med røkt pølse og skalldyr. Toppa med chilisaus, så klart. 

Det var i Moskva at Sarah vende seg til tradisjonane for å finne trøyst. Ho laga kokeboka ‘The Savoy Kitchen - A Family History of Cajun Food’, gitt ut på Kitchen Press i Storbritannia. Ho høyrde meir og meir på cajunmusikk, og ho fann fram trekkspelet som faren har laga til henne. Fram til då hadde ho spelt mest gitar, også som vikarmedlem i bandet til mora. No begynte ho å utforske trekkspelet, det leiande instrumentet i cajunmusikken. 

- Men det var aldri seriøst. Berre gøy!

(!)

Denne haldninga stikk djupt i Sarah. Ho er ei motkraft. 

- Eg og søskena mine såg mamma og pappa opptre på anerkjende scener verda rundt, for eksempel då president Bill Clinton blei tatt i eid. Dei som skapte cajunmusikken derimot, var røffe småkårsfolk. Dei levde på fyllinga. Kvinner slåst mot kvinner om kven som tok kven sin mann. Og ein ting har eg innsett: Cajun er meir rock’n’roll enn Pantera. «Full of love, but don’t cross’em. Kicking little punks’ arses.» 

Den klassiske verda som foreldra viste henne, alle dei fine scenekleda, gjorde ikkje inntrykk. Som liten ville Sarah springe rundt naken med flokar i håret, aka rottereiret ifølgje faren. Ho var trekt mot ei villare side av livet. I grunn ikkje så ulikt dagens Sarah. 

- Då eg kom til Russland, fall alt på plass. Cajunmusikken skal ikkje studerast, den skal følast. Reis deg og dans, drikk ei øl, ta av deg skoa! Det finst lyrikk som riv hjartet ditt i to, men langt oftare handlar det om at «i går gjekk eg på bar og drakk meg full, og i dag føler eg meg dårleg», seier ho. 

Denne haldninga gjorde henne fortent til tittelen ‘The queen of white trash cajun’ (fRoots Magazine). Ho tar cajunmusikken ut av klassiske konserthus, ned frå foreldras scenekant, heim til seg sjølv i ein trailer-camp utanfor Versailles, til trebenken og utegrillen under den raudfalma parasollen. 

Her har ho budd saman med den ti år gamle dottera og Phil i eitt år. Ho har funne seg eit stykke Louisiana i Frankrike. 

- Vi ser ikkje naboane. Vi kan gå ut i berre trusa utan å bry nokon; det er nemleg det vi gjer i Louisiana. Ha-ha! Vi kan koke utandørs. Spele musikk. Gå på tur med hunden i timevis og i høgda sjå to traktorar, seier ho og får ei lita nyve over nasen.

- Vi kan ikkje jakte her, det drar litt ned. Men vi kan jakte sopp. Sopp er godt! 

Ho vel å sjå positivt på det. 

Det er noko med Sarah som minner om sydama Myrtle i filmen ‘The Dressmaker’ eller sjokolademakaren Vianne i ‘Chocolat’. Damer som slår ned i lokalsamfunna som eksotiske fuglar og for ei stund, seks månader eller fem år, piffar opp liva til dei lokale. 

Sarah har budd fem år i Russland og snart 11 år i Frankrike. Like lenge har ho vore på veg heimatt til Louisiana. Ho har blitt hefta, men no skal det endeleg skje. Éin månad etter besøket vårt, 12. mai, giftar ho seg med Phil i heimesydd brudekjole. Planen er å selje unna alt, både traileren og tatoveringssjappa inklusive utstoppa dyr og annan amerikansk kitch, og flytte over dammen. 

- Eg treng sol, forstår du. I Louisiana har vi i høgda eit par veker med kulde, og då sturar alle, seier ho og ler høgt. 

Louisiana er kalla opp etter den franske solkongen Ludvig XIV. Sørstaten grensar mot Mississippi i aust, Texas i vest, Arkansas i nord og Mexicogulfen i sør. Berre namna er nok til å løyse sveitten på panna. 

- Eg var meint å vere vekke i seks månader. 16 år seinare seier eg framleis «back home». Eg vil tilbake til familien først og fremst. Men også til opne jorder i mils omkrets. Magnoliablomstrar. Summinga frå myggsvermane og flaggermusene som rykker inn for å ete dei opp.

Sarah har hatt eit innhaldsrikt liv med store skifte. Først for å finne seg sjølv, så for å finne heim. To sider av same sak. 

- Ei sterk kjensle av familie og fellesskap er grunnen til at cajunkulturen er så livskraftig. Nybyggjarlivet i Amerika for hardt med cajunfolket. Dei blei fordrivne frå det eine området etter det andre for til slutt å slå seg ned i sumplandet. Og skal du ha ein sjanse til å overleve i sumpane, treng du familie og fellesskap, seier ho og legg til på brei sørstadsdialekt: 

- You’re not gonna make it on your own. 

Spleiselag har alltid vore ein del av cajunkulturen. 

- Naboen har skote ei and, kven har pølse? Nokon har kanskje ein pose ris, andre ein bunt med lauk. Det er som med den legendariske spikersuppa, berre at i cajunætta Louisiana dukkar alle opp med eit instrument i tillegg. Pølse og fele. Lauk og trekkspel. Og så speler vi alle desse songane som vi har høyrt heile livet. 

- Er du ikkje det minste bekymra for at ting har forandra seg på 16 år? 

- Absolutt ikkje. Vi lever framleis slik. Ha-ha! 

Bryllup bilde, Mai 2019

Tekst, Video og Foto: BlackStarJournal