❤ EG ER MED

FRIVILLIGSKJEMA
FRIVILLIGHANDBOK

Frivillig på Førdefestivalen 2026

Kvart år er 250 frivillige med på laget, og våre fantastiske frivillige betyr ALT for Førdefestivalen! Den innsatsen de legg ned før, under og etter festivalen gjer at det blir ei magisk stemning i Førde som vi ynskjer å dele med heile verda. Tusen takk for at de er med på og gjere Førdefestivalen til det eventyret den er!

Kvifor vere frivillig?

Fordi det er moro og du får sjå og oppleve festivalen frå eit anna perspektiv. Du vil møte ei mengd folk frå både inn- og utland, dele gleda over musikken og festivalen. Å vere frivillig er nok den beste byttehandelen du kan gjere.

Viss du vurderer å gå inn i rekkja av heroiske menneske som gjerne ofrar nokre timar eller dagar i folkemusikkens teneste, meld deg i skjemaet på lenkja under eller ring frivilligansvarleg Ingebjørg på telefon 918 47 099 for ein festivalprat. 

Kva kan du gjere?

Det trengst folk til desse oppgåvene:

  • Billettkontoret – billettseljarar, infomedarbeidar og personar til å skanne billettar

  • Artistservice – vere sjåfør (både vanleg bil og 9-seter), vere i artistservice og ta vare på alle artistar og frivillige som treng ei hand

  • Artistkontakt - Ta vare på artistar under opphaldet i Førde

  • Konsertarena – arenaansvarleg, sceneproduksjon, riggarar, vakter, vertskap, blomster/dekorgruppa

Gå til frivilligskjema

Bli frivillig og få:

  • Medarbeidarpass
    Tilgong til alle festivalkonsertar når du har fri og det er ledig kapasitet. Du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass på konsertane. Medarbeidarpass kan ikkje kombinerast med plassbillettar.

  • Mat og drikke når du er på jobb

  • Frivilligpris i hotellbarane på Scandic Sunnfjord

  • T-skjorte (festivalen er miljøsertifisert og oppmodar til omattbruk (av T-skjorter utan årstal))

  • Frivilligfest

  • Onsdagskonserten

  • Rabatt på andre konsertar i regi av Førdefestivalen gjennom året

  • Attest (om du spør oss)

  • Nye vener og del av eit fantastisk fellesskap av frivillige

Fribillettar

Over 6 timar = 1 fribillett

Over 10 timar = 2 fribillettar

Over 16 timar = Medarbeidarpass

Det blir programpresentasjon og felles orienteringsmøte for alle frivillige på Førdehuset. Det blir sendt ut innkalling på epost. Fleire av gruppene får i tillegg sine eigne informasjonsmøte.