Artistservice

Artistkontakt

Alle artistane får sin eigen kontakt som møter dei ved ankomst i Førde, gjev dei den informasjonen dei treng og passer på at dei kjem seg til lydprøvene og konsertane sine. Du treng ikkje vere saman med musikarane heile tida, men du må vere tilgjengeleg for dei heile tida medan dei er i Førde. Det er ein del jobb med mykje ansvar og mykje moro. Det kan vere ein fordel om du har førarkort.

Som artistkontakt får du medarbeidarpass, slik at du kan fylgje artistane «dine» over alt. Medarbeidarpasset gjev gratis inngang på alle konsertar, så lenge det er ledig plass (du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass).

Oppgåvene er mellom anna:

  • Å syte for at artistane er på rett stad til rett tid i samband med lydprøver, konsertar, måltid m.m.

  • Bidra til å løyse små og store oppgåver som kan oppstå

  • Å syte for at artistane har eit godt opphald i Førde

  • Å representere Førdefestivalen som serviceperson og guide i høve til artistane

Artistservice

Her kan artistar, arenaansvarlege, artistkontakter og andre festivalinvolverte henvende seg for hjelp under festivalveka. Ulike spørsmål og forespørslar dukkar opp undervegs og skal gjerne løysast med ein gong. Her trengst det også folk med førarkort kl. B då det alltid blir ein del transportoppdrag.  Her er det alltid minst 2 personar på vakt og ein vaktansvarleg.

Opplæring og utdeling av T-skjorter i samband med informasjonsmøtet sundag 2.juli kl. 19.00 i Festsalen, Førdehuset.

 

Gasta Design