Førdekonferansen 2019:

Kultur og reiseliv med berekraft som mål

Torsdag 4. juli kl. 09.30 - 15.30 | Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


 

I følgje NHO Reiseliv vil det globale reiselivet auke med 60% innan 2030. Slike framtidsutsikter betyr eit stort potensial for norsk reiseliv, men inneber også eit stort ansvar. Kulturturisme, volumturisme, sakteturisme, opplevingsturisme, grøn turisme - kva slags turisme vil vi ha? Kva rolle skal kulturlivet spele i framtidas reiseliv? Er det mogleg å omstille seg frå volumturismen vi ser i Flåm, Geiranger, Bergen og Lofoten til eit grønare reiseliv? Turistane kjem for å oppleve den reine og stille naturen vår, men den siste trenden er at turisme i stadig større grad handlar om opplevingar. Kva kan det rike kulturlivet vårt gjere for at norsk reiseliv skal få ei berekraftig framtid?

Dette er utgangspunktet for Førdekonferansen 2019, som går av stabelen torsdag 4. juli på Scandic Sunnfjord Hotell.

Konferansen vert leia av Sigrid Moldestad.

Dette er inkludert i konferansen:

  • Offisiell mottaking for gjester og sponsorar (torsdag 4. juli kl. 18.00) i samband med opninga av festivalen.

  • Billett til opningskonsert: Verda i Førde! (torsdag 4. juli kl. 20.00).

------------------------------------------

PROGRAM