Fem dagar med musikalske høgdepunkt

Festivalbrunsj-området sett frå lufta! Foto: Arve Ullebø

Festivalbrunsj-området sett frå lufta! Foto: Arve Ullebø

Inntrykka frå den 30. Førdefestivalen er framleis ferske. -Fem dagar med musikalske høgdepunkt let seg ikkje fordøye på to dagar, seier direktør Per Idar Almås, som trass lang festivalerfaring, aldri har opplevd maken til overstrøymande tilbakemeldingar frå artistar og publikum som det han har fått på sin første festival i Førde. -Eg er berre kjempestolt over det vi leverte desse dagane, seier han og held fram artistar, stab og frivillige som dei aller viktigaste brikkene i den vellukka bursdagsfeiringa. At vêret i Førde skapte seg frå dag to på festivalen, var jo berre slik det skal vere.

 

Folkefest for 2700 i parken

Festivalen si bursdagsgåve til Førde var eit gedigent gratisarrangement i parken på Festplassen laurdag, med gratis brunsj, konsertar og bodar. Det nye taket som vart montert rett før festivalen, gjorde arrangementet trygt også i tilfelle regn, men laurdag skein sola om kapp med alle dei rundt 2700 personane som kom i parken. -Dette vart akkurat så vellukka som vi drøymde om, seier arrangementsjef i Førdefestivalen, Sølvi Lien, som trur brunsjen er komen for å bli.

 

Karl Seglem tjuvopna festivalen framfor fullsett Larris Scene. Foto: Lieve Boussauw

Karl Seglem tjuvopna festivalen framfor fullsett Larris Scene. Foto: Lieve Boussauw

Berre dei beste

Den nye direktøren er sitert på at musikarar skal vere ‘sjukt gode på instrumenta sine for å få spele på Førdefestivalen’. -Akkurat på det punktet kjenner eg meg trygg på at vi har levert, smiler han. Frå Karl Seglem sin fullsette konsert på Larris Scene, til serbiske Marko Markovic Brass Band i Idrettshallen søndag. Frå den nye fadostjerna, Sara Correia, til publikumsfavoritten KROKE. Frå Mahsa & Marjan Vahdat i Førde kyrkje, til VASSVIK 706 moh. Frå ukulelebandet Timples & Other Small Guitars til SAMURAI ACCORDION, som begge var i Teatersalen. Frå Gjensynsgallaen: 30 år utan grenser! i Idrettshallen til Hemsing/Larsen - To Damer To Herrer i Fjordamattunet. Frå det russiske fyrverkeriet Otava Yo i parken til festbandet Dizu Plaatjies & Ibuyambo på Scandic Sunnfjord Hotel i seine nattetimar. Kvaliteten på artistane på årets festival, kan det ikkje stillast spørsmålsteikn ved. -At vi kan servere alt dette i ein liten småby på Vestlandet, er eigentleg litt uforståeleg, sjølv for meg som direktør, seier Almås. -Først no går det verkeleg opp for meg kva slags prosjekt eg har teke over.

 

Sara Correia, merk deg namnet. Foto: Espen Stensvoll

Sara Correia, merk deg namnet. Foto: Espen Stensvoll

Rundt 22000

På fem dagar har festivalen gjennomført nesten 80 arrangement, og av dei har 22 arrangement vore gratis for publikum. Det totale publikumstalet for årets festival kjem til å hamne på i underkant av 22000. -Dette er litt under det festivalen har hatt dei siste åra, men det er ein nedgang som var venta, sidan vi i år tok vekk festivalparaden, forklarer Almås. -Paraden har i alle år samla mykje folk langs ruta, men det er ei tid for alt, og i år bestemte vi oss altså for at det var tid for å satse på eit godt laurdagsarrangement for alle i den flotte parken på Festplassen.

Torill Gundersen