Stem oss fram til europeisk festivalpris

Som ein av 24 europeiske festivalar er Førdefestivalen nominert til ein gjev europeisk festivalpris av organisasjonen Festival Finder. Prisen vert delt ut annankvart år, og dei 24 festivalane er valde ut blant meir enn 700 innsende forslag. EFFE Laureate 2019-2020, skal delast ut i Brüssel 26. september, og no treng vi altså publikum sine stemmer for å komme til topps. Det er superenkelt - to klikk, så er det gjort. Klikk på knappen under, eller på bildet, så finn du lista over dei nominerte festivalane.

Torill Faleide