Anti Paalanen / Besh o droM Fredag 4. juli kl. 22.30 | Larris Scene, Scandic
Fredagskvelden på Larris er for deg som har sansen for det grenselause. Artistane som deler denne kvelden sprengjer ein bråte musikalske grenser, og utfordrar folkemusikksjangeren på heftig vis.
Finske Antti Paalanen er kjend som den galne trekkspelaren som tek scena med ei eksplosiv blanding av tradisjonell finsk folkemusikk, elektroniske danserytmar og rå sibirsk strupesong. Han er heilt nede på det stillfarne, men råast er han når han brummar og skrik seg gjennom eit lydbilde du kjenner rytmen av heilt inn i margen. Det er finst perfeksjonisme på sitt aller beste - og ei konsertoppleving av dei sjeldne.
Utgangspunktet til Besh o droM er folkemusikk frå Transylvania, Armenia, Bulgaria og Romania, som dei blandar med element frå egyptisk, libanesisk, jødisk og gresk folkemusikk. Nesten som eit statement. Musikk frå land som ikkje kommuniserer så godt saman i dag, men som i musikken fungerer saman i fred og harmoni. Musikken er både leik og alvor, morosam og rørande, autentisk og urban og aust og vest på same tid.