Antti Paalanen - Finland

Ei naturkraft frå Finland 

Med sitt ein-manns band produserer Antti Paalanen både melodi, bass, vokal og perkusjon som saman utgjer tradisjonell folkemusikk med impulsar frå både rock, heavy metal og elektronisk musikk. Til no har det resultert i fire solo album og ei rekkje musikkprisar i Finland. Han har også vore nominert til finsk Grammy. Han har turnert verda rundt, og endeleg er han i Førde.

Han opererer i eit originalt lydbilde der det tradisjonsrike finske diatoniske trekkspelet leikar seg med transeaktige rytmar. Møtet mellom moderne lydteknologi og stødige finske folketonar skapar eit pulserande og intenst lydbilde. Komposisjonane Antti Paalanen leverer strekker seg frå melodiøse strupesongar til skrikande og maniske interaksjonar med trekkspelet. Trekkspel har aldri vore opplevd på denne måten tidlegare.  

Paalanen har eit nytt namn på sitt tre-raders diatoniske trekkspel: pusteboksen. Nokre gonger tek den nokre djupe, meditative pust, og andar ut svevande tone-dikt som vekkjer kjensla av rom og lys. Andre gonger pustar den raskt, når den tek ein tradlåt med seg på ein heftig tur gjennom bygatene. Uansett kva kjensler han framkallar, gjer han det med sikker fingerføring og ein melodisk sans som søkjer å utnytte alle harmoni-moglegheitene i instrumentet.

Konserten er støtta av Norsk-finsk kulturfond.

Antti Paalanen – diatonisk trekkspel, vokal

Konsertar

Fredag 4. juli kl. 13.30
Kaffipraten: Antti Paalanen
Røyst, Nynorskhuset 

GRATIS

Fredag 4. juli kl. 22.30
Antti Paalanen / Besh o droM
Larris Scene, Scandic

Forrige
Forrige

Marja Mortensson - Noreg

Neste
Neste

Besh o droM - Ungarn