Marja Mortensson - Noreg

Tingingsverk: Jaevrie-gaske - Landet mellom to sjøar

Marja Mortensson er fødd inn i ei reindrifsfamilie i Svahken Sïite reinbeitedistrikt i Hedmark. Livet hennar og musikken hennar er djupt rotfesta i den sør-samiske levemåten. Samisk identitet, det nære forholdet til naturen og kjærleiken til reindrift er tema som går igjen i songane hennar, og ho er oppteken av å verne og løfte fram det sør-samiske språket.

Marja har studert gamle opptak av tradisjonell joik og har sjølv lært seg den sørsamiske og umesamiske måten å joike på. I tillegg til joiken er ho opptatt av tekst, og mange av songane hennar handlar om det å stå i en arv som går langt tilbake i tid, men som likevel skal vidareutviklast i ei moderne verd.

Ho har fått kommentarar på at noko av musikken hennar høyrest ut som den kjem frå andre stader i verda, men det folk tykkjer høyrest arabisk eller orientalsk ut, er faktisk element som finst i dei mest typiske umesamiske melodiane. 

Joiking har alltid vore ein del av meg, trass det faktum at familien min slutta å joike for fleire generasjonar sidan. For meg er det som om melodien i ein joik er noko alle, uansett bakgrunn, kan føle, ta inn og forstå på eit djupare nivå.
— Marja Mortensson

I dag er Marja Mortensson ein av våre mest etterspurde og respekterte samiske artistar. Med sterke musikarar som Daniel Herskedal på tuba og basstrompet og Jakob Janssønn perkusjon i sin faste trio, har ho skapt eit intimt og særeige lydbilete som for lengst har gitt ho eit stort internasjonalt publikum.

Tingingsverket er støtta av Kulturrådet og Den norske Unesco-kommisjonen.

Jakop Janssønn – perkusjon

Kristian Olstad – gitar

Marja Mortensson – komposisjon, joik, song

Daniel Herskedal – tuba, basstrompet

Konsertar

Laurdag 5. juli 2025 kl. 15.00
Marja Mortensson - Jaevrie-gaske: Landet mellom to sjøar

Larris Scene, Scandic

Laurdag 5. juli 2025 kl. 20.30 Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide

Idrettshallen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Goitse - Irland

Neste
Neste

Antti Paalanen - Finland