Goitse - Irland
"Livleg instrumentalmusikk med spanande og uventa vendingar, toppa med sjarmerande vokal."
– fRoots Magazine
Dei er kåra til Traditional group of the Year (når?) av Live Ireland og Group of the Year Chicago Irish American News og turnerer flittig i Europa og USA; Goitse* er eitt av dei nye namna som skin sterkast på den irske folkemusikkhimmelen for tida.
Musikken deira er ei vellukka samanveving av eigne komposisjonar og eldgamle tradisjonelle melodiar. Colm Phelan, verdsmeister på bodhrán, og Conal O’Kane, som har markert seg som ein av dei fremste gitaristane i sin generasjon, legg den musikalske grunnmuren. Multiinstrumentalist Alan Reid spelar hovudsakleg banjo og bouzouki. Han har også grundig kjennskap til arkivsamlingar av irsk musikk, noko som gjev rikdom til repertoaret deira. Daniel Collins, trakterer også fleire instrument, med er mest kjend for sitt intrikate og særprega basspel på trekkspel. På toppen kjem den karismatiske stemma til Áine Mc Geeney, som fenglsar publikum på ein måte få andre artistar kan. Saman skapar Goitse det Irish Music Magazine kallar: "Musikk som boblar over av energi og skaparglede."
Konserten er støtta av Culture Ireland.
*Goitse er eit gælisk ord for ‘kom her’, og uttalast: Go-wit-cha
Colm Phelan – bodhrán
Conal O’Kane – gitar
Alan Reid – banjo, bouzouki
Daniel Collins – trekkspel
Áine Mc Geeney – vokal, fele
Konsertar
Torsdag 3. juli kl.20.00 Opningskonsert: Musikk og språk
Idrettshallen, Førdehuset
Fredag 4. juli kl. 20.00
IRSK! The Friel Sisters / Goitse
Idrettshallen, Førdehuset