Besh o droM - Ungarn
«Besh o droM» minner om ordtaket «å gå sin eigen veg», men betyr direkte omsett «sit på vegen». Det er dog og eit ordspel på «å rulle…» ein joint…
Utgangspunktet til Besh o droM er folkemusikk frå Transylvania, Armenia, Bulgaria og Romania, som dei blandar med element frå egyptisk, libanesisk, jødisk og gresk folkemusikk. Nesten som eit statement. Musikk frå land som ikkje kommuniserer så godt saman i dag, men som i musikken fungerer saman i fred og harmoni. Musikken er både leik og alvor, morosam og rørande, autentisk og urban og aust og vest på same tid.
Dei siste tjue åra har Besh o droM turnert over heile verda og utvikla seg til å bli det dynamiske og stødige folkbandet som igjen skal spele på Førdefestivalen. Dei balkanske rytmane blir danna av trommer, saksofon, bass og ulike typar perkusjon saman med nydeleg vokal. Dette gir oss dei kjappe og komplekse aust-europeiske taktane publikummet i Førde kan får svinge seg til. Om det er noko Besh o droM kan, så er det å spele opp til fest.
I 2013 første gong Besh o droM spelte i Førde, hadde dei utekonsert i parken, og det bøtta ned. Så i år skal dei spele innandørs, både på opningskonserten og på Larris Scene, der dei har splittkonsert med finske Antti Paalanen. Det betyr at festivalpublikumet må førebu danseskoa, ta seg ein lur før kvelden, og vere klar for ein fredagskveld i ekte balkansk ånd.
Ádám Szumper – trommer
Máté Hámori – gitar
Ádám Pettik – perkusjon, vokal
Lili Kaszai – vokal
István Szögi – trombone
Gábor Légrádi – saksofon
Péter Papesch – bass
Konsertar
Torsdag 3. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk og språk
Idrettshallen, Førdehuset
Fredag 4. juli kl. 22.30
Antti Paalanen / Besh o droM
Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell