Gro Marie Svidal - Noreg

Platesleppkonsert

Gro Marie Svidal er mellom Noreg sine fremste utøvarar på hardingfele. Med tradisjonen frå Sunnfjord som utgangspunkt, har ho skapt ei allsidig og kreativ karriere som spenner frå tradisjonelt solospel, internasjonale samspelsprosjekt, teater- og danseproduksjonar og andre sjangerkryssande prosjekt. Ho er ei av tre kvinner som på hardingfele har gått til topps i den prestisjetunge A-klassen på Landskappleik, og er også den første på hardingfele til å fullføre ein doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid.   

Tryllespel er eit soloprosjekt skapt for å undersøke spelerommet i tradisjonen og instrumentet. Med improvisasjon som metode undersøker Svidal improvisasjon utanfor slåttespelet, og spinn vidare på musikkspråk og bestanddelar som har lagt seg som minne i hennar eigen kropp. Utgangspunktet er det musikalske, improviserte førespelet felespelarar over lang tid har gripe til når instrumentet skulle stemmast, når ei spesiell stemning skulle etablerast, eller når fantasi og teknisk briljans skulle få utløp. Tittelen på prosjektet, Tryllespel, er henta frå Jølster i Sunnfjord, og viser til førespelet si evne til å trollbinde lyttaren.  

Tryllespel er Gro Marie Svidal sitt tredje soloalbum, og blir gjeve ut på plateselskapet Melovitten. Svidal sitt første album, Hardingfele, i 2009, og Eilov i 2016.

Gro Marie Svidal – hardingfele

Konsertar

Torsdag 3. juli kl. 18.00
Tryllespel - Gro Marie Svidal

Festsalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Besh o droM - Ungarn

Neste
Neste

Chango Spasiuk - Argentina