Chango Spasiuk - Argentina
Ein grenseoverskridande formidlar av chamamé-tradisjonen
Den argentinske meistermusikaren Chango Spasiuk er ei internasjonal stjerne innan chamamé. I «Taco y suela: tradisjon», løftar han fram grunnleggjarane av chamamé-tradisjonen, som er mykje meir enn ein musikalsk sjanger: ein levande og mangfaldig kultur, knytt til naturen og gjennomsyra av spiritualitet.
Gjennom si formidling av chamamé har Chango Spasiuk skapt eit universelt og felles språk mellom tradisjon og klassisk musikk, mellom moderne nyansar av jazz og elektronika, mellom musikk og folk på tvers av kontinent, og i 2020 kom chamamé på Unesco si liste over immateriell kulturarv.
Med familierøter frå Ukraina kjenner Chango Spasiuk i dag endå sterkare kor viktig kulturell motstand er – og kor djuptgåande kunsten hans påverkar på tvers av landegrenser. Frå heimregionen i det nordaustlege Argentina har han blitt ein av dei fremste representantane for denne musikkforma, som speglar kulturen den kjem frå: eit intenst møte mellom ulike kulturar. Gjennomsyra av globalisering, med jorda til guarani-folket, spansk kulturpåverknad og slaviske forfedre, har den magnetiske trekkspelaren skine over heile verda i over tretti år – frå dei mest prestisjefylte scenene for "høgkultur" til scener for folkeleg musikk.
Som ein kunstnar som brenn for å vidareføre tradisjon, hentar han inspirasjon frå andre musikksjangrar og frå nyvinningar i det globaliserte samfunnet vårt – alt for å dele det universelle i den mangfaldige kulturen han kjem frå. Han gjer dette gjennom radioprogram, TV, dokumentarseriar, filmmusikk, kunstnarlege samarbeid på tvers av sjangrar og land, konsertar og deling av erfaringar gjennom strøyming...
Ei rik diskografi sidan 1989, nasjonale og internasjonale prisar, lovord i mangfaldige medium… Chango Spasiuk spreier energien frå den raude jorda si over heile verda!
Chango Spasiuk – trekkspel, vokal
Marcos Villalba – perkusjon, gitar
Enzo Demartini – toradar, gitar
Konsertar
Laurdag 5. juli kl. 16.30
Chango Spasiuk
Teatersalen, Nynorskhuset
Søndag 6. juli kl. 17.30 Chango Spasiuk
Jakob Sande-tunet