Hedin & Meidell - Sverige 

Barokkfiolin og nøkkelharpe i inderleg samspel

Hedin & Meidell har dei siste åra etablert seg som eit leiande namn på den svenske og nordiske folkemusikkscena. Repertoaret har sitt utspring i 1700-talet, men strekkjer seg heilt inn i vår tid. Musikken blir forma av Ida Meidells mange spelemåtar og impulsar frå nær og fjern, og av Johan Hedins unike måte å akkompagnere på og tøye grensene for kva nøkkelharpa kan uttrykkje. Dei skaper ei musikalsk oppleving der gamle slåttar får nytt liv i tette arrangement og eit inderleg samspel.

I 2023 sleppte duoen det kritikarroste debutalbumet Klockarens musikaliska värld på Gammalthea, og i 2024 kom oppfølgjaren Prowinciale på Smålands Musikarkiv. Idas barokkfiolin og Johans nøkkelharper skaper rike klangverder når denne duoen rører seg gjennom slåttetradisjonen sine skiftande former.

Konsertane med Hedin & Meidell skjer heime hos Reidar og Jorunn Knapstad, i den ærverdige Skrivargarden på Toene i Førde. Her er det to konsertar med avgrensa tal plassar.

Ida og Johan er også dyktige dansemusikarar. Det får du oppleve på ein av dansekveldane i Festsalen.

Johan Hedin – nøkkelharpe

Ida Meidell – barokkfiolin

Konsertar

Fredag 4. juli kl. 22.00
Danseglede!
Festsalen, Førdehuset

Laurdag 5. juli kl. 11.00
Hedin & Meidell
Skrivargarden på Toene

Laurdag 5. juli kl. 14.30
Hedin & Meidell
Skrivargarden på Toene

Laurdag 5. juli kl. 23.00
Columbi Egg
Hugleik, Scandic

Forrige
Forrige

Chango Spasiuk - Argentina

Neste
Neste

Ronny Brede Aase - Noreg