Ronny Brede Aase - Noreg

Radiostemma frå Førde

Ekte sunnfjording og stolt av det, så kort kan vi oppsummere den eine sida ved Ronny Brede Aase. Så har vi suksessen Ronny, heile Noreg sin Ronny. Ei av dei best likte radiostemmene i landet, som i over ti år var vekkarklokka til dei unge som lytta til P3morgon. Dei tusenvis som vart ivrige radiolyttarar - fordi P3morgon og fordi Ronny!

Ronny dukkar framleis opp på radioen og i podkastar, fredagar fast i Fredag med Ronny, i Julestemning med Live og Ronny (NRK). Solid TV-erfaring har han også, etter produksjonar som Et hardt liv med Ronny, Eit feitt liv og Melodi Grand Prix i eit par år.

No sist er han blant deltakarane i realityserien «Først til verdens ende», eit kappløp frå Marrakesh i Marokko til Verdens Ende i Norge. Det tenker vi er ei glimrande oppkøyring til å leie oss gjennom all verdas folkemusikk på den store opningskonserten i Førde.

Musikk og språk er tema som ligg hans hjarte nær, så dette blir ei grom stund både for han og alle som sit i salen - og koseleg, sjølvsagt. Alle veit at Ronny er ekspert på kos!

Ronny Brede Aase – konferansier

Konsertar

Torsdag 3. juli kl. 20.00 OPNINGSKONSERT: SPRÅK OG MUSIKK
Idrettshallen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Hedin & Meidell - Sverige

Neste
Neste

Diket - Sverige, Noreg