VÅG- Noreg

Kva vil det seie å vere ein ven?  

Våg er ei framsyning som handlar om venskap. Framsyninga tek opp ting som ofte oppstår i ein nær relasjon: identitet, konflikt, fellesskap, kommunikasjon, samarbeid. Med humor, leik og alvor følgjer vi Jon og Håkon sitt venskap gjennom oppturar og nedturar.  

Korleis kan vi vise nærleik til kvarandre i ei verd der vi kjem stadig lenger frå kvarandre? Vågar vi å stille opp for kvarandre, eller stengjer vi oss inn i oss sjølve? 

Våg er både musikk og scenekunst – ei spektakulær framsyning som begeistrar, utfordrar og kan skape ettertanke.  

Vågar du?  

 Passar for barn i skulealder, familiar og vaksne. 

Koreograf og dansar: Jon Bugge Mariussen
Medkoreograf og dansar: Håkon Odden
Arrangør og musikar: Johanne Mjøs

Co-produsert av Viken Fylkeskommune

Jon Bugge Mariussen – dans 

Håkon Håvelsrud Odden – dans 

Johanne Løkensgard Mjøs – fele 

Konsertar

LAURDAG 5. JULI 2025 kl. 15.00 VÅG 

Festsalen, Førdehuset 

KJØP BILLETT

LAURDAG 5. JULI 2025 Kl. 16.30 VÅG 

Festsalen, Førdehuset  

KJØP BILLETT
Forrige
Forrige

Øivind Vabø og Sigbjørn Apeland - Noreg

Neste
Neste

Frid i skogen den grøne