
Øivind Vabø & Sigbjørn Apeland - Noreg
Hardingfele og trøorgel – ein lyrisk kombo
Øivind Vabø, er oppflaska på hardingfelemusikk. Alt 5 år gamal fekk han si første fele av faren, Finn Vabø. Han har ei lang kappleikskarriere, som starta alt i yngste klasse. I 1991 spelte han seg opp i A-klassen for seniorar, og har vore aktiv der som representant for Spelemannslaget Fjellbekken. Han gjekk i lære hos Ingeleiv Kjærland Kvammen i Hardanger, og har i alle år vore i folkemusikkmiljøet og spelt konsertar og til dans i Bergensområdet med faren og spelemannslaget.
Øivind Vabø fører vidare ei tradisjonslinje som går via mellom andre folkemusikksamlaren Arne Bjørndal, og ikkje minst Jon Rosenlid, bestefaren Karl Vabø og faren Finn. Han er kjend for sitt lyriske spel, men er også ein drivande god dansespelemann som likar å spele på ‘gamlemåten’. Vabø har nyleg gjeve ut albumet Arv.
Til Førde har Vabø med seg ingen ringare enn Sigbjørn Apeland, meisteren på trøorgel, og dermed er det duka for eit mjukt og stemningsfullt samspel mellom to glitrande musikarar som kjenner kvarandre godt.
Øivind Vabø – hardingfele
Sigbjørn Apeland – trøorgel
Konsertar
Laurdag 5. juli 2025 kl. 16.30
Tett på: Øivind Vabø & Sigbjørn Apeland
Trapp Ned, Sentrum Sør