Basco & Jullie Hjetland - Danmark, Noreg

Smakfull nytolking av nordisk folkemusikk

Med smittande energi, stor virtuositet og kreativitet har det danske folkrootsbandet Basco gjennom mange år vore ein publikumsvinnar på festivalar og konsertscener i heile Europa. På sitt nyaste prosjekt har dei funne tonen med den norsk/danske songaren Jullie Hjetland, som har sine røter i Sogn, og laga musikk som er meir nordisk, meir tradisjonell og meir moderne enn nokon gong.

Basco og Hjetland har samarbeidd med fleire skandinaviske forfattarar, diktarar og låtskrivarar, og henta tekstar frå gamle sagaer, folkeeventyr og folkeviser – hovudsakleg frå Skandinavia og England. Dei hentar historier om alle slags dyr, varulvar, heltar og skurkar. Jullie Hjetland si karakteristiske stemme formidlar dei lyse og mørke sidene i livet, og Basco fyller på med energiske og dynamiske arrangement til eit tett og smakfullt lydbilde som rommar alt frå dei mjukaste tonar til rå kraft og intensitet.  

 

“De har skapt en lyd som er like styggvakker som den er sart og detaljert, like lekende som den er kraftfull” - Songlines 

Hal Joseph Parfitt Murray – fele, mandolin, vokal

Villads Hoffmann

Andreas Ringgaard Andersen – trekkspel, trombone

Andreas Tophøj Rasmussen – fele

Jullie Hjetland Jensen – vokal

Konsertar

Laurdag 5. juli kl. 20.30 Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide

Idrettshallen, Førdehuset

Søndag 6. juli kl. 17.30
Basco & Jullie Hjetland

Fjordamattunet, Vassenden

Forrige
Forrige

Linda Soh Trengereid - Noreg

Neste
Neste

Øivind Vabø og Sigbjørn Apeland - Noreg