Linda Soh Trengereid - Noreg

Festivalutstilling: Gjengklang

Naturen talar eit universelt og evig språk. Den er ei urgamal stemme som har vore til stades lenge før mennesket byrja å setje ord på verda rundt seg, og som vil overleve oss. Naturlandskapet er både forlokkande og utemjeleg, fullt av historier knytte til tradisjonar og mytologi. I møte med naturen oppstår det ein gjenklang djupt i oss, men òg en uro, ei kjensle av både noko velkjend og framand - eit ekko frå ei anna tid.

I utstillinga Gjenklang møter publikum det vestlandske landskapet. Trengereid sin kunst skildrar landskap, tilhøyrsle og noko tidlaust. I landskapsmåleria hennar er naturen ein levande, pulserande organisme – som eksisterer både inni og utanfor oss sjølve. Hovudverket i utstillinga er eit monumentalt måleri i kol og akryl som skildrar eit skoglandskap med menneskeliknande vesen som ber på noko – eller nokon? Skapningane ser ut til å vere vevde saman med røtene og sjølve landskapet. Dei står fram som både forhistoriske og frå ei fjern framtid. Ber dei på etterkomarar, ein arv, ei framtid – eller ei bør? Kven er vi utan det som kom før oss?

På opninga av festivalutstillinga onsdag 2. juli, vert det musikalsk innslag ved multi-gitaristen Ole André Farstad.

Festivalutstillinga skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Linda Soh Trengereid (f. Seoul, Sør-Korea, 1984) vaks opp på Sotra utanfor Bergen. Ho bur og arbeider i Bergen og fullførte utdanninga si ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2011.

Trengereid har hatt separatutstillingar ved Høyersten Contemporary i Bergen, KUBE og QB Gallery i Oslo, LNM i Oslo, Kunstgarasjen i Bergen og Voss Kulturhus. Ho har delteke på Vevringutstillinga, Vestlandsutstillinga og Høstutstillinga, samt gruppeutstillingar ved Nitja senter for samtidskunst i Lillestrøm, Kristiansand Kunsthall, Galleri MELK i Oslo, Stavanger Kunstmuseum og Bomuldsfabriken Kunsthall i Arendal.

Verka hennar er kjøpte inn av Sogn og Fjordane Kunstmuseum, KODE, Stavanger Kunstmuseum, Haukeland universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Fana Kulturhus.

 

Arrangement

Onsdag 2. juli kl. 19.30 Offisiell opning: Linda Soh Trengereid – Gjenklang
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

GRATIS

G

Forrige
Forrige

Mitsune - Japan

Neste
Neste

Basco & Jullie Hjetland - Danmark, Noreg