Mitsune - Japan
Japansk trad i open klasse
Det japanske folk-fusjonsbandet Mitsune har medlemmer frå Japan, Australia, Tyskland og Hellas. Musikalsk derimot, handlar det om tradisjonell japansk folkemusikk, iblanda psykedelisk, filmatisk og rituell musikk og servert med tydeleg punkmentalitet.
Hjartet og sjela i Mitsune er tsugaru-shamisen, ein tradisjonell trestrenga lutt som blinde, omreisande musikarar i det gamle Japan gjorde populær. Mitsune både heidrar og moderniserer shamisen-tradisjonen, og formidlar sine eigne historier gjennom dette eldgamle instrumentet. Konsertane deira er spekka med rå energi, dekadente visuelle uttrykk og humor.
Sidan starten i 2018 har Mitsune spelt mykje rundt i Europa, delt scene med artistar som Hiatus Kaiyote og overraska publikum på alle slags festivalar, frå techno til folkemusikk. Det sjølvtitulerte debutalbumet deira fekk ros i Songlines Magazine som «..jamt over framifrå. Om du treng ei moderne innføring til tsugaru-shamisen, er dette svaret.» Det andre albumet, Hazama, vart lovprist både i Songlines og Rolling Stone, og vart nominert til den tyske platekritikar-prisen. Ein tredje oppfølgjar er venta i år.
Youka Snell – vokal, shamisen
Shiomi Kawaguchi – vokal, shamisen
Petros Tzekos – perkusjon
Daigo Nakai – bass
Konsertar
Laurdag 5. juli kl. 20.30 Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide
Idrettshallen, Førdehuset
Laurdag 5. juli kl. 23.00-02.00 Festivalnatt : Mitsune / Las Karamba
Sunnfjordsalen, Scandic