
Hekate - Noreg
Kompromisslaus kveding med dans som mål
Dei tre songarane som no har slått seg saman i Hekate, Malin Alander, Silje Risdal Liahagen og Synnøve Brøndbo Plassen, har alle utmerka seg på den norske musikkscena både solo og i andre konstellasjonar. Med materiale frå heile landet som utgangspunkt, tek dei slåttemusikken på nye vegar gjennom improvisasjon, kraftfulle klangar og heftig tramp. Målet er dans! At publikum ikkje skal kunne stå stille når Hekate set i gang med si kompromisslause kveding.
Hekate debuterte på Tuvas Blodklubb på Riksscenen, folkemusikklubben som har starta den nye norske dansebølgja. Her skapte trioen eit rom med dans, lytting og jubel for slåttemusikken. I etterkant har dei vore eit heitt samtaleemne i miljøet, spelt på fleire festivalar og til og med vore gjester hos Lindmo på laurdagskvelden i NRK.
Når dei dukkar opp på Førdefestivalen har dei med seg ei rykande fersk debutplate, og du får sjølvsagt høve til både å lytte og danse når Hekate trør i gang med si dansekveding!
Synnøve Brøndbo Plassen – vokal
Malin Alander – vokal
Silje Risdal Liahagen – vokal
Konsertar
Torsdag 3. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk og språk
Idrettshallen, Førdehuset
Torsdag 3. juli kl. 22.30
Natt på museet
Sogn og Fjordane Kunstmuseum