
Frid i skogen den grøne - Noreg
Folkemusikalsk eventyr om å ønskje seg ein ven
Har de nokon gong ridd på ein daud elg som brasar gjennom tett granskog så kvistane slår dykk i andletet, spindelvevet klistrar seg til armane dine og vinden bles håret ditt rett ut? Nei? Tenkte meg det.
Eventyret om Frid i skogen den grøne er skrive av Sigmund Løvåsen, og det handlar om å reise eller flykte bort frå seg sjølv på leit etter å høyre til. Frid er den venelause, umoglege jenta som inst inne berre ønskjer seg ein ven. Historia om Frid blir fortalt gjennom folkemusikk, forteljing og dans i ei fantasiverd kalla Skogen den grøne.
Samproduksjon mellom Margit Myhr, Riksscenen og Sprang - landsdelsscene for dans.
Margit Myhr – skodespel, dans, song
Helga Myhr– komponist og musikar (hardingfeler, vokal)
Sigmund Løvåsen – manus
Jimmy Meurling – regi
Monica Valsø – scenografi, kostyme og plakatdesign
Konsertar
Torsdag 3. juli kl. 18.00
Frid i skogen den grøne
Teatersalen, Førdehuset