Ustatshakirt - Kirgisistan

Galopperande songtradisjonar frå Kirgisistan 

Ustatshakirt Ensemble kjem frå Bisjkek i Kirgisistan og er fem talentfulle unge musikarar som med fantasi og innsikt tolkar kirgisisk musikk på nytt – inspirert av, men ikkje bunde av, tradisjon. Dei livlege konsertane deira byr på eit rikt klangleg spekter og galopperande rytmar frå arkaiske nomadeinstrument som kil-kiyak (ei hesteårsfele med to strengar), komuz (ein langhalsa lutt med tre strengar), temir komuz (munnharpe) og sybyzgy (ein lang tverrfløyte). Dette dannar ein motvekt til den lyse og svevande songstilen kjend som “steppe bel canto”. 

Ensemblet er ein del av Ustatshakirt-senteret, grunnlagt i 2005 som ein ikkje-statleg organisasjon med støtte frå Aga Khan Music Initiative. Namnet “Ustatshakirt” er den kirgisiske forma av det persiske uttrykket ustod-shogird, som tyder “meister-lærling” eller “meister-disippel”, og viser til den tradisjonelle måten kunst, musikk og mange andre ferdigheiter og yrke har vorte vidareførte på i Sentral-Asia. I løpet av dei siste 14 åra har senteret utdanna ein ny generasjon av kyrgisiske musikkleiarar som kombinerer djup kunnskap om eigne tradisjonar med flyt i samtidige, kosmopolitiske musikalske uttrykk. Ustatshakirt Ensemble er eit slags levande musikalsk laboratorium for desse leiarane.  

Dei unge musikarane i har hatt konsertar ved fleire store scener og spelt på fleire nasjonale og internasjonale festivalar i Aust-Asia, Sentral-Asia og Europa, men reisa til Førde blir den første til Norden.  

 

I samarbeid med Aga Khan Music Programme 

Samat Kochorbaev, Manas – forteljar, vokal

Makhabat Kobogonovakyl-kiyak, chopo-choor, temir-komuz, zhyghach ooz komuz 

Erlan Kasabolotov – perkusjon, sybyzghy, chopo-choor, temir-komuz, zhyghach ooz komuz 

Bek Alagushovkomuz (stringed strummed instrument), choor, sybyzghy (wind instruments), vocals. 

Emil Ishenbek Uulu – vokal, komuz, kyl-kiyak, chopo-choor, temir komuz, zhyghach ooz komuz 

Konsertar

Laurdag 5. juli 2025 kl. 20.30 Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide 

Idrettshallen, Førdehuset 

Søndag 6. juli 2025 kl. 14.30 Ustatshakirt ensemble 

Teatersalen, Førdehuset 

Forrige
Forrige

Frid i skogen den grøne

Neste
Neste

Gabriel Fliflet - Noreg