Gabriel Fliflet - Noreg

Klubbvert i særklasse

Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen, kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken han skaper har grobotn og ein klang etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet.

Han turnerer med fleire konstellasjonar gjennom året, og har vore ein trufast gjest på alle Førdefestivalane. Gabriel Fliflet og hans Columbi Egg er for ein institusjon å rekne på festivalen vår, og i år er du igjen velkomen til å nyte akustisk folkemusikk og god stemning i Hugleik.

Gabriel Fliflet – vert, trekkspel, song

Konsertar

Laurdag 5. juli kl. 23.00 Columbi Egg

Hugleik, Scandic

Forrige
Forrige

Ustatshakirt Ensemble - Kirgisistan

Neste
Neste

Gjendine og Jørgine - frå Bøverdalen til New York