
Gjendine og Jørgine - frå Bøverdalen til New York
To kvinner - to draumar - to liv
I år markerer vi at det er 200 år sidan første båt med norske utvandrarar reiste frå Stavanger til Amerika. I det høvet passar det godt å presentere konsertforteljinga om Jørgine og Gjendine, to sjarmerande damer med bein i nasen.
Jørgine Boomer og Gjendine Slålien kom begge frå enkle kår i Bøverdalen i Gudbrandsdalen. Den eine var full av eventyrlyst og ivrig etter å reise og sjå, medan den andre let verda komme til seg. Dei tok heilt ulike val og levde heilt ulike liv, men kanskje hadde dei meir til felles enn vi skulle tru. Jakta på det gode liv og den indre lukka står sentralt.
Trioen Camilla Granlien, Alf Hulbækmo og Mari Skeie Ljones vil spele og fortelje om jazz og storbyliv, folkemusikk og bygdeliv, Gjendine og Jørgine.
I samband med konserten vil det vere tilbod om omvising i utstilling på Sunnfjord museum om utvandringa frå vårt område til Amerika. Les meir om det på https://misf.no/sunnfjord-museum
Konsertforteljinga er produsert av dei tre musikarane, i samarbeid med Riksscenen i Oslo, Fortellerfestivalen og Musikk i Innlandet.
Jørgine Boomer (1887-1971) og Gjendine Slålien (1871- 1972) kom begge frå enkle kår i Bøverdalen, i Gudbrandsdalen.
Jørgine reiste til Amerika, jobba seg oppover og gifta seg med Lucius Boomer, som seinare vart hotelldirektør ved Waldorf Astoria Hotel i New York. Fram til han døydde dreiv dei hotellet saman. Jørgine vanka i sosieteten i New York. Ho sytte for at Frank Sinatra fekk fart på karrieren ved å gje han jobb som hotellmusikar, lytta til Cole Porter medan han komponerte, kjende presidentar og kongelege og var høgt elska av mange av sine spesielle gjestar. Ho reiste fleire gonger heim til Bøverdalen, og bygde seg ein Villa Jotunheimen både der og i USA.
Gjendine , derimot, var budeie og Edvard Grieg si største kjelde når det gjaldt folkemusikken. HO forlet aldri heimplassen trass frieri og tilbod om songutdanning i utlandet. Ho trollbatt folk med songstemma si, var lystig og kjapp i replikken og kunne ikkje leve utan fjella rundt seg.
Camilla Granlien – vokal og forteljing
Alf Hulbækmo – piano
Mari Skeie Ljones – fele, vokal
Konsertar
Laurdag 05. juli 2025 kl.12.00
Kaffipraten: Camilla Granlien
Røyst, Nynorskhuset
GRATIS
Søndag 6. juli 2025 kl. 12.00
Gjendine og Jørgine - fra Bøverdalen til New York
Sersjantløa, Sunnfjord Museum