The Dancers Brew - Noreg

Eit gnistrande møte mellom drikkeviser og slåttestev

Då Barokksolistene og Mamelukk møttest i eit spontant samarbeid om The Alehouse Sessions ved Den Nye Opera i Danmark, fann dei straks tonen. Begge partar bobla over av gjensidig beundring og inspirasjon, og der og då sette dei i gang eit heilt nytt samarbeidsprosjekt. I møtet mellom to ensemble med føtene godt planta i tradisjon og eit felles ønskje om å leike og skape noko nytt, har dei brygga i hop ei forrykande framsyning. Her virvlar dei opp drikkeviser og slåttestev i ein mikstur av musikalske krumspring og dansande virtuositet. Musikk og dans, musikarar og dansarar smeltar saman i ei sprudlande oppleving dei ser fram til å dele med publikum i Førde!  

Barokksolistene:

Bjarte Eike – fiolin, kunstnarleg leiar Barokksolistene 

Per Buhre – bratsj, vokal 

Milos Valent – fiolin, vokal 

Fredrik Bock – barokkgitar, charango 

Johannes Lundberg – kontrabass

Hans Knut Sveen
– harmonium, keyboards 

Helge Norbakken
perkusjon 

Steven Player – dans, barokkgitar

Mamelukk dansekompani:

Silje Onstad Hålien – dans, kunstnarleg leiar Mamelukk 

Silje Risdal Liahagen – dans

Anita Vika Langødegård – dans 

Brigitte Halldis Blomlie – dans

Konsertar

Laurdag 5. juli 2025 kl. 18.00
The Dancers Brew - Barokksolistene med Mamelukk Dansekompani
 

Storsalen, Førdehuset 

Forrige
Forrige

Gjendine og Jørgine - frå Bøverdalen til New York

Neste
Neste

Ustad Noor Bakhsh - Pakistan