Ustad Noor Bakhsh - Pakistan

Benju-meisteren som får musikkverda til å måpe 

Frå tid til annan klarer musikkindustrien å rette opp den historiske skeivfordelinga av vestleg dominans og den vedvarande ignoreringa av ikkje-hegemoniske kulturar, slik at opplyste musikarar frå mindre opplagte regionar får høve til å dele musikken sin med verda.

Ustad Noor Bakhsh er ein pakistansk musikar frå den avsidesliggjande regionen Balochistan. Han spelar benju, eit instrument som opphavleg var eit japansk leiketøy, men som sjømenn tok med seg til Pakistan. Klangverda til benjuen vil vere kjend for tilhengjarar av både sitar og elektrisk gitar, og langeleiken. Bakhsh gav ut sitt første album, Jingul, i 2022, og den uventa suksessen førte til at han i dei siste åra har spelt på festivalar som Roskilde og Le Guess Who?, i tillegg til WOMEX – verdas største profesjonelle musikkmesse for verdsmusikk.  

Ein stad mellom Ravi Shankar og Jimi Hendrix improviserer Bakhsh, tolkar eigne songar og tilpassar Bollywood-hits på ein så imponerande måte at sjølv musikkmagasinet Pitchfork ikkje kunne motstå det spanande musikalske språket hans, som er påverka av alt frå fuglesong til musikalske tradisjonar. 

Med spelet sitt vekkjer Noor Bakhsh til live dei historiske musikalske røtene som finst Balochistan og Afrika. Han gjer alt på sin heilt eigenarta måte – og er eit unikt fenomen i den globale musikkverda. 

Ustad Noor Bakhsh – benju  

Doshambay – damboora  

Daniyal Ahmed – damboora, bansuri  

Konsertar

Torsdag 3. juli 2025 kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk og språk 

Idrettshallen, Førdehuset 

Torsdag 3. juli 2025 kl. 22.30
Natt på museet
 

Sogn og Fjordane Kunstmuseum 

Fredag 4. juli 2025 kl. 18.00
Ustad Noor Bakhsh
 

Teatersalen, Førdehuset 

Forrige
Forrige

The Dancers Brew - Barokksolistene og Mamelukk - Noreg

Neste
Neste

REOLÔ - Noreg