Reolô - Noreg

Norsk folkemusikk i open klasse 

Reolô er fem sprelske multi-instrumentalistar med base i norsk folkemusikk og den noko vage nemninga ‘open klasse’. Musikalsk serverer Anders Røine, Hans og Rasmus Kjorstad, Hans Hulbækmo og Magnus Skavhaug Nergaard alt frå norsk slåttemusikk til rocka groovar med inspirasjon frå både Vest-afrika og Amerika til improviserte energiutblåsingar. Eller som Arvid Skancke-Knutsen i Klassekampen skreiv: ‘som om Velvet Underground i all hemmelighet hadde øvd i årevis i et stabbur». 

Kvintetten spelar ein heil haug ulike instrument, og med tekstar om prepping, ein saueflokk på full fart mot stupet, og ein hard vår, prøvar dei  å ta samtida på kornet. Reolô legg sjela si heilt og fullt i groove, tett samspel og gamalmodig tonalitet, og skaper med det eit tidlaust lydbilde – eller GOD MUSIKK, om du vil.

… det er jo ekstremt mange av de samme rytmiske tingene i norsk folkemusikk som du har i for eksempel vestafrikansk eller nordafrikansk folkemusikk. Forskjellen er at det ikke er den samme trommetradisjonen i Norge som du har der. Så med en gang man legger trommer på mye av den musikken som er herfra, tenker folk at det er afrikansk!  
— Hans Hulbækmo, til Klassekampen

Hans Hulbækmo – perkusjon, synth, munnharpe, vokal 

Magnus Skavhaug Nergaard – bass 

Anders Røine – vokal, gitar, langeleik, munnharpe 

Hans P. Kjorstad – fele, synth, vokal 

Rasmus Kjorstad – fele, oktavfele, langeleik, vokal 

Konsertar

Onsdag 2. juli 2025 kl. 21.00
REOLÔ
 

Larris Scene, Scandic 

Forrige
Forrige

Ustad Noor Bakhsh - Pakistan

Neste
Neste

Tuva Færden - Entré Sorti - Noreg