Tuva Færden - Entré Sorti

Bli med inn i Tuva Færden si fabulerande danseverd 

Entré-Sorti er ei fabulerande og leiken danseframsyning som rører seg ein stad mellom scena og det verkelege livet. Den fortel oss om ulike menneske i ei heilskapleg musisk framsyningsform. Instrumentet kan vere både innanfor og utanfor eller som ei forlenging av kroppen. Her blir mennesket si evne til å uttrykke seg gjennom seg sjølv, løfta fram.  

I sentrum står Scenekunstnaren. Det kan vere Dansaren, Felespelaren, Cellisten eller kanskje Songaren eller Lyrespelaren og måten dei er til stades på scena.  

Kva vil det seie å ikkje vere seg sjølv, likevel alltid i seg sjølv? Korleis går vi inn og ut av ulike roller… entré og sorti og alt det som er midt mellom?  

Produsert i samarbeid med Riksscenen, Sprang og Førdefestivalen. 
Støtta av FFUK og Det Norske Komponistfond. 

Indra Lorentzen – regi/koreografi, idéutvikling

Tuva Færden – utøvar/musikk, idéutvikling

Sverre Randin – lys

Jon Anders Aagaard – lyd

Rannveig Øygardslia – produsent

Konsertar

Fredag 4. juli 2024 kl. 13.30
Tuva Færden - Entré-Sorti
 

Teatersalen, Førdehuset 

Forrige
Forrige

REOLÔ - Noreg

Neste
Neste

Tres Músicos - Cuba, Mexico, Noreg