Tres Músicos - Noreg, Mexico, Cuba

Tre musikarar med drøssevis av instrument og ditto latino-musikk 

Heile ideen bak Tres Músicos er å få fram dei utruleg rike musikktradisjonane som har kome som eit resultat av kulturutvekslinga over Atlanteren opp gjennom historia. Når folk har flytta på seg og teke med seg kulturen sin, har nye musikktradisjonar sett dagens lys på det latin-amerikanske kontinentet.  

Repertoaret byggjer på grundige studiar av enkelte stilartar. Polka og son jarocho frå Mexico, afroperuansk festejo, son cubano frå Puerto Rico, candombe frå Uruguay og cumbia frå Colombia er berre nokre av taktartane som står på menyen hos Tres Músicos. I følgje trioen er musikk ein grunnleggjande sosial aktivitet, difor elskar dei å få publikum med både å spele og synge – og sjølvsagt danse.  

Autentiske instrument spelar også ei viktig rolle for Tres Músicos. Kvar musikkstil vert presentert på instrument som høyrer til den aktuelle stilen. Med andre ord boltrar dei seg på både candombe trommer, batá trommer, peruansk cajonen, congas, bongos, la quijada, altså eselkjeve, og ikkje minst strengeinstrument som requinto, jarana, tres cubano, cuatro venezolano, charango, guitarrón og barokkgitar. 

Ole André Farstad – strenginstrument, perkusjon, vokal 

Alejandro Huidobro Goya – strenginstrument, perkusjon, vokal  

Luison Capote – perkusjon, vokal

Konsertar

Torsdag 3. juli 2025 kl. 22.30
Natt på museet
 

Sogn og Fjordane Kunstmuseum 

Morgonstund med Tres Músicos 

Onsdag 2. juli 2025 kl. 10.00
Vie Barnehage

Torsdag 3. juli 2025 kl. 10.00
Vidsyn

Fredag 4. juli 2025 kl. 09.45
Langhaugane bhg

Desse konsertane er gratis og opne for alle.

Generasjonskonsertar med
Tres Músicos
 

Onsdag 2. juli 2025 kl. 13.00
Naustdal omsorgssenter

Torsdag 3. juli 2025 kl. 13.00
Sande omsorgssenter

Fredag 4. juli 2025 kl. 11.30
Førde omsorgssenter

Generasjonskonsertane er for bebuarane på omsorgssentera og dei inviterte barnehagane.

Generasjonskonsertane er støtta av SFE

Forrige
Forrige

Tuva Færden - Entré Sorti - Noreg

Neste
Neste

The Friel Sisters - Irland