The Friel Sisters - Irland
Forførande irsk folkemusikk
Anna, Sheila og Clare Friel er tradisjonsmusikarar frå Donegal, nordvest i Irland. Dei har drive med musikk heile livet, og slik det ofte er med musikarsøsken, har dei utvikla ein eksepsjonell kommunikasjon seg imellom. Dei syng og trakterer fele, fløyte og sekkepipe - og repertoaret er i stor grad henta frå familien og Donegal-området. Dei er fødde i Glasgow, men det er hyppige turar til Irland på alle moglege kurs som har resultert i den musikalske utviklinga. No er dei sjølv instruktørar på kursa dei gjekk på som yngre.
Sidan debutalbumet kom ut, har dei spelt på ulike scener og festivalar i Europa, Amerika og Asia, og vore gjesteartistar eller reist på turné saman med artistar som Altan, The Chieftains, Lúnasa, Sharon Shannon og Cherish the Ladies.
Pilene peikar framleis oppover for The Friel Sisters, som i desember 2024 sleppte sitt tredje album, Northern Sky, og i januar i fjor spelte dei på prestisjefestivalen Celtic Connections.
Anna Friel – fele, vokal
Sheila Friel – irsk sekkepipeløyte, vokal
Clare Friel – fele, vokal
Marty Barry – gitar, vokal
Cathal Ó Curráin – bouzouki, vokal
Konsertar
Fredag 4. juli 2025 kl. 20.00
Irsk! The Friel Sisters / Goitse
Idrettshallen, Førdehuset
Laurdag 5. juli 2025 kl. 23.00
Columbi Egg
Hugleik, Scandic Sunnfjord hotell
Søndag 6. juli 2025 kl. 12.30 Familiesøndag
Festsalen, Førdehuset
GRATIS