Inger Hannisdal Ensemble - Noreg

Ei saumlaus musikalsk reise mellom nord og sør, aust og vest.

Dei siste hundreåra har  såkalla «temperert intonasjon» vore det gjeldande i europeisk musikk. Slik har vi på ein måte gått glipp av ei heil verd av tonar – nemleg alle dei ein finn mellom dei tolv tangentane i oktaven på pianoet. Ned i denne litt ukjende toneverda er det Inger Hannisdal og ensemblet hennar dykkar, for å utforske uttrykk, melodiar og kjensler. Med fokus på mikrotonalitet og kjærleik til asymmetriske rytmar, presenterer dei eit originalt, gjennomført og tankevekkande musikalsk språk.

Inger Hannisdal byrja å spele fele som 4-åring. Ho vaks opp i austkantforstadar i Oslo, og vart tidleg eksponert for musikk frå andre kulturar. Etter Midtausten- og Middelhavsstudiar i Paris, studerte ho arabisk musikk ved Université Antonine i Libanon. I Beirut var ho aktiv i den populære gruppa Assa’aleek, som gjorde nytolkingar av syrisk folkemusikk. Med ein slik bakgrunn har ho eit like naturleg forhold til skalaer frå arabisk maqam som til norske folketonar. Her ligg sjølve kjernen i musikken hennar, alt det skakke og undrande, det som ligg mellom og utanfor etablerte rammer.

Inger Hannisdal Ensemble gav ut albumet North South East West i 2021. Det fekk strålande kritikkar, og Hannisdal fekk TONOs komponistpris. Det neste, Free Folk, fekk same mottaking og vart av vart anbefalt i The Guardian som “Contemporary Album of the Month”.

Inger Hannisdal – fele

Frode Haltli – trekkspel

Khalid Laaouam – saksofon

Michaela Antalová – perkusjon, fujara

Adrian Fiskum Myhr – kontrabass

Konsertar

Torsdag 3.juli 2025 kl. 13.00
Kaffipraten: Inger Hannisdal

Røyst, Nynorskhuset

GRATIS

Torsdag 3. juli 2025 kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk og språk

Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 4. juli 2025 kl. 12.00
Inger Hannisdal Ensemble

Festsalen, Førdehuset

Forrige
Forrige

The Friel Sisters - Irland

Neste
Neste

The Face of God – Ernst Reijseger & Cuncordu e Tenore de Orosei - Italia & Nederland