The Face of God
- Ernst Reijseger & Cuncordu e Tenore de Orosei

The Face of God, andletet til Gud, er Ernst Reijseger og Cuncordu e Tenore de Orosei sitt samarbeidsprosjekt der historisk og religiøs musikk frå Sardinia fornyast med revolusjonerande cello-tonar. Denne framføringa kombinerer den nederlandske cellisten Ernst Reijseger sin filmmusikk til Werner Herzog sine filmatiske visjonære verk, og kombinerer det med den polyfonske songen til gruppa Cuncordu e Tenore de Orosei.  

Reijseger er ein anerkjent musikar og komponist, og kryssar sjangrar med sin kreative musikalske tolking. Han er ikkje berre ein musikar, men ein forteljar som gjennom ulike prosjekt formidlar ei rekkje kunstnarlege uttrykk. Med lidenskapleg nærleik til instrumentet sitt er han både ein improvisator og innovatør. 

Cuncordu e Tenore de Orosei stammar frå fjellandskapet på Sardinia og framfører både inderleg og intenst dei sakrale tonane frå området. Musikken representerer broderskap og nærleik til Gud. Denne tradisjonen er nedarva og blir i dag bevart av denne lidenskapelege gruppa frå Italia. Dei har tidlegare vore på Førdefestivalen, i 2015, og spelte då med mongolske musikarar på toppen av Hafstadfjellet i samarbeidet Nomadic Voices. 

The Face of God er ein sakral og inderleg konsert der møtet mellom det eldgamle og religiøse møter nye melodiar frå den stødige cello.  

Pietro Pala – vokal  

Mario Siotto – vokal, munnharpe   

Luca Frau – vokal 

Emanuele Ortu – vokal  

Ernst Reijseger – Cello

Konsertar

Fredag 4. juli 2025 kl. 22.30
The Face of God - Ernst Reijseger & Cuncordu e Tenore de Orosei
 

Førde kyrkje 

Forrige
Forrige

Inger Hannisdal Ensemble - Noreg

Neste
Neste

Nesa i jorda - Noreg