Nesa i jorda - Noreg

Sirkusforteljing om noko av det hemmelege som skjer i skogen 

Opplev eit finurleg sirkus om noko av alt det hemmelege som skjer i skogen. Visste du at soppen hjelper trea med å snakke med kvarandre? Soppen er rett og slett skogen sin telefon. Dette er ei historie om noko som verkeleg skjer, og ho blir fortalt av to luftakrobatar og ein musikar som klatrar, balanserer, plantar, grev – og finn! Millionar av maur. Visste du at mauren kanskje er det sterkaste dyret i skogen? Kan vi i lag bli like sterke som maurane?  

Til drøymande og leikande feletonar, utforskar dei to akrobatane høgda, jorda og det som finst under jorda. Kor lange er eigentleg røtene til trea? Kvar tek dei vegen? Finst det ei byrjing?  

Passar best for 5-13 år og familiar.  

Informasjon 

Nesa i jorda er eit samarbeid med Barnas Turlag. Turlaget organsierer fellestur frå Soleide og frå Sunde skule. Turen frå Soleide startar ein time før kvar framsyning. Frå Sunde skule 45 minutt før kvar framsyning. Informasjon om dette vil stå på billetten. Det vil bli skilta til arenaen. 

Her er arenaen på Farsund: https://maps.app.goo.gl/KEQNvav33Cy8q7eW7

Her er startar turen frå Soleide: https://maps.app.goo.gl/rFdaZkrRq56JyGG69

Mira Leonard

Karoline Amås

Love Kjellsson – musikk

Konsertar

Onsdag 2. juli 2025 Kl. 16.00
Nesa i jorda
 

Farsund 

Onsdag 2. juli 2025 Kl. 18.00
Nesa i jorda
 

Farsund 

Forrige
Forrige

The Face of God – Ernst Reijseger & Cuncordu e Tenore de Orosei - Italia & Nederland

Neste
Neste

Ajaz Ul Haq - Pakistan