Trio Da Kali - Mali
Finstemt samspel i griot-tradisjon
Trio da Kali kjem frå mandekulturen i den sørlege delen av Mali, og dei tre musikarane er alle av griotar, dei vestafrikanske musikarane og historieforteljarane vi kan samanlikne med dei gamalnorske skaldane. Dei er musikarar fordi fedrene deira i mange slektsledd bakover var det. Da Kali betyr å avlegge ein eid, og trioen har sverga på at deira mål er å ta vare på og kaste nytt lys over gløymde delar og stilartar innan dei rike griot-tradisjonane.
Dei fornyar det typiske vest-afrikanske uttrykket, mellom anna ved å gje balafonen ein svært sentral plass i lydbildet. I tillegg byr arrangementa på kjærkomne overraskingar og ikkje minst eit gjennomført finstemt samspel mellom tre strålande musikarar, ein balafon, ein ngoni og den fabelaktige stemma til Hawa Mady Diabaté.
Trio Da Kali har spelt konsert og gjeve ut plate med legendariske Cronos Quartet, og kjem med sitt andre album, Bagola (World Circuit) no i vår. Trioen har også spelt med vårt eige Kringkastingsorkester under ein konsert på Oslo World.
Trioen har ikkje spelt i Førde tidlegare, men Mamadou Kouyaté har spelt på Førdefestivalen to gonger tidlegare, i bandet til faren, Bassekou Kouyaté.
Lassana Diabaté – balafon
Hawa Kassé Mady Diabaté – vokal
Mamadou Kouyaté – ngoni
Konsertar
Torsdag 3. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Musikk og språk
Idrettshallen, Førdehuset
Fredag 4. juli kl. 15.00 Trio da Kali
Larris Scene, Scandic Sunnfjord hotell