Linda Eide - Noreg

Språkdronning med musikalske ambisjonar

Strengt teke er Linda Eide i klassen ‘personar som ikkje treng presentasjon’ – alle veit kven Linda er. Likevel, her er eit kortkort samandrag: Ho var journalist og programleiar i NRK radio og fjernsyn i over tre tiår, der ho utvikla det eine personlege programkonseptet etter det andre: Norsk attraksjon, Smæsj og ikkje minst Eides språksjov, som gjorde språk til laurdagsunderhalding, gjennom tolv sesongar, på NRK1. Eide skriv også bøker og sceneframsyningar, og framfører sjølv det ho skriv. Ho har motteke ei rekkje prisar for sitt framifrå arbeid: Gullruten for beste programleiar, Kulturdepartementet sin journalistpris, Riksmålsforbundets språkgledepris, Christieprisen og prisen som Årets Hordalending, for å nemne nokre.

Språk og musikk er to emne vi alle veit at Linda har peiling på, og vi kjenner oss difor sikre på at laurdagskvelden er meir enn redda når ho får boltre seg med internasjonale og norske artistar på scena i den store storstova på festivalen.

Det er ei ære å kunne ønskje velkomen til tidenes første Folkemusikalske språksjov med Linda Eide!

Linda Eide – vertinne, programleiar

Konsertar

Laurdag 5. juli 2025 kl. 20.30 Folkemusikalsk språksjov med Linda Eide

Idrettshallen, Førdehuset

Forrige
Forrige

Trio Da Kali - Mali

Neste
Neste

Las Karamba - Venzuela, Cuba, Argentina, Spania