Duò Lavoà Lapò - Frankrike

Transeskapande polyfoni frå Oksitania

Oksitansk musikk er nøkkelordet for Duò Lavoà Lapò. Musikk frå Oksitania, som er det  middelalderske namnet på Sør-Frankrike og delar av Spania og Italia. Dette inneber lidenskapleg polyfoni (fleirstemmig) og rytmar smeltar saman, og skapar transeliknande stemning. Gruppa er ein duo, samansett av Manu Théron og Damien Toumi, begge på vokal og perkusjon. Dei hentar fram gamle og gløymde songar og presenterer dei på ein nyskapande og fortryllande måte.

Polyfoni tyder at individuelle stemmer søkjer ulike og komplimenterande rytmar og melodiar. Desse lever og utviklar seg gjennom ei herleg og uforklarleg musikalsk reise som Duò Lavoà Lapò har lært seg å meistre. Sjangeren hyllar det oksitanske språket og kulturen, og duoen er blant dei aller fremste til å fremje denne historiske kulturarven.

Manu Théron – vokal, perkusjon

Damien Toumi – vokal, perkusjon

Konsertar

Onsdag 2. juli kl. 20.00
Duò Lavoà Lapò
Vesle Kinn 

Torsdag 3. juli kl. 09.30
Førdekonferansen 2025: Språk i spel
Amfi Eikaas, Scandic

Torsdag 3. juli kl. 22.30
Natt på museet
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
m

Forrige
Forrige

Diket - Sverige, Noreg

Neste
Neste

Trio Da Kali - Mali