Martin Steinum Brun - Noreg

Årets unge folkemusikar i 2024 

Martin Steinum Brun er songar og tradisjonsberar frå Vågå i Gudbrandsdalen. Med musikken sin leier han lyttaren med seg inn i folkesongens mange forteljingar, alt frå det absurde og humoristiske til det nakne og personlege. Han akkompagnerer seg sjølv på kraviklyre og bygdeharpe .  

Brun har i løpet av dei siste åra hevda seg som ei sterk stemme på den unge, norske folkemusikkscena, og vart vinnar av INTROFOLK og med tittelen Årets unge folkemusikar under Folkelarmprisen 2024. Han er utdanna ved Griegakademiet og Norges Musikkhøgskole i både klassisk- og folkemusikk. Med ein fot i fleire musikkmiljø, utfordrar han stadig dei vanlege rammene til tradisjonsmusikken, men har likevel eit ønskje om å halde på nærleiken som gjennomsyrar folkemusikken.  

Martin Steinum Brun - vokal, kraviklyre

Konsertar

Onsdag 2. juli 2025 kl. 10.00 Festivaltur i jølstrafjella

Dvergsdalsdalen

Festivalturen er eit samarbeid med Indre Sunnfjord Turlag. Påmelding og meir info på dnt.no/indresunnfjord.

Torsdag 3. juli 2025 kl. 22.30
Natt på museet

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Forrige
Forrige

Jutullaget - Noreg

Neste
Neste

Farstad & Farstad - Noreg